Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Brage Supplier

By Janne | September 30, 2011

Brage Supplier er navnet på eit nytt supply-skip. Eigaren er Brage Suppliers, og skipet vert bygd i India. Sidan eigaren gjerne ville ha motiv fra Bergen, har eg jobba med akkurat det.

Bergen er heimstad til eit av Unescos Verdens arvestykker: Bryggen. Ei lang rekkje gamle sjøhus frå 1400-talet. I desse husa arbeidde ei mengde folk, alle i fiske-relaterte jobbar. Bearbeiding, kjøp, salg, lagring, eksport.

Eg ville visa nokre av desse folka og arbeidsplassane deira. No til dags er Bryggen fylt av turistar, restaurantar, kunstnarar og suvernir-sjappar. Ting har endra seg.

Men det er mange fleire sjøhus langs strankanten i Bergen by. Mange av dei er rivne i dag, no og då høyrer ein om brannar som herjar og øydeøegg endå eit gamalt bygg.

Her er nokre bilete basert på gamle fotografi (med løyve frå Bergen Historiske Billedarkiv) som viser korleis den gamle strandsona såg ut.

Allereie på 1400-talet var Bergen største eksport-havn for fisk. Fiskarar frå heile kysten kom til Bergen med si verdifulle last og solgte den der. Kjøpmenn frå Tyskland kjøpte heile skipslaster og tok meg seg heim. Framleis finn ein fleire tyske etternavn i Bergen.

Bergen er kjent som byen i Norge der det regnar mest, (ikkje utan grunn!) og eg klarte ikkje motstå freistinga når eg fant dette gamle fotografiet. “Eg visste dei hadde ein ark gjøymt vekk her ein stad!” heiter bilete.

Eit anna turist-mål i Bergen er fiske-torget. No er det mest strikka-gensrar, blomar og billeg import frå Asia. Men fisken er der fortsatt.

Her er utsikten frå Strandkaien inn mot fiske-torget.

I 1916 var det ein stor brann som øydela mesteparten av Strandsiden og Nordnes. Dette bilete er teke rett før brannen. Strangaten ser annleis ut i dag. Muren er i bakgrunnen.

Eit anna kjent og kjært særmerke med Bergen er alle smuga. Her er det barn som leikar i bakgatene i Sandviken. Desse små husa fins fortsatt og er blitt veldig attraktive på hus-marknaden.

Og endeleg, litt ekte mannfolk til treningsrommet.

Topics: Biletkunst | 1 Comment »

One Response to “Brage Supplier”

  1. Britt Mjelva Says:
    November 16th, 2014 at 10:57

    En fantastisk billedserie. Utrolig å se hvordan det har vært. Takker så mye for titten 🙂

Comments