Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Haakonarspelet

By Janne | August 14, 2011

Håkonarspelet på Seim er eit historisk spel sett til ca år 960, og det fylgjer livet til Håkon den Gode.

Koret består av falne krigarar, som no feirar og festar i Valhall. Med nydelege stemmer losar dei oss gjennom den episke historia, musikken ny-komponert av Reid Gilje.

Alle kledd i lilla nyansar, fargane til sol-nedgongen, og leda av Jorunn Skjoldmøy.

I føydde til detaljar i gull, for å framheve det mystiske og mytiske.

Jorunn kastar ned kjolen sin mot jorda, for å symbolisere kontakten mellom Valhall og MidtGard.

Mine to favoritt-kostymer var til Hugin og Munin, Odis to ravner. Dansaarar Marthe Kristiansen og Karoline Heggedal gjorde ein fantastisk jobb som Odins auger.

Valhall er oppbygd. og ligg over orkesteret, og verkar som om det svevar i lufta.

Men kva er Valhall utan sjølvaste Odin?! Spela og sunge av Henning Sudmann.

Kappe i bomullsfløyel, med juksepels kant. Silkebukse, silketopp og eit silke/gull brokade-belte.

Eg lagde fleire kapper til produksjonen. Som denne store rød linkappa til ei av damene som leda blotet.

Ei anna kappa vart laga av lær til skalden, spela av Preben Hodneland. Resten av kostymene er enten frå tidlegare oppsetningar eller privat eigde.

La meg vise litt fleire bilete frå sjølve forstillinga.

Blot-ritualet var ein del av forestillinga.

Inga viking-forestilling utan kamp, sant?

Håkonarspelet er regisert av Leif Egil Vatnøy.

Scenografi: Robbie Sinnott.

Koreograf: Ane Smørås.

Lysdesign Axel Sundbotten.

Hovudrollene er spela av Siren Jørgensen, Frank Andreassen, Lyni Treekrem, Nils Ole Oftebro, Frode Winther, Preben Hodneland.

Topics: Kostymedesign | No Comments »

Comments