My blog!2
By spotogspindel | November 25, 2009
Dette er den norske sida mi der du finn arbeida mine som kunstnar og kostymedesigner. Dersom du vil lese på engelsk, finn du mykje meir på bloggen min. Klikk på bilete nedanfor
This is my Norwegian Web-site giving a presentation of what I make as an artist and a costume-designer.
If you want to read in English, or see more about what I do and make, please visit my blog by clicking on the picture above.
Topics: Diverse | 1 Comment »
Jul i Rosendal
By spotogspindel | November 25, 2009

Eg og kollegaen min, Tanja Huglen, deltek på den nylaga, gode, gamaldagse julemarknaden i Rosendal denne helga. Så om du ikkje veit kvar du skal få fatt i dei kulaste juegåvene i år, ta deg ein tur!
Topics: Diverse | No Comments »
Skandi Santos
By spotogspindel | November 22, 2009
DOF´s nye multi-purpose skip vart døypt i går ved Aukra STX EuropeAS. Her er nokre av bileta ombord.
Desse første er frå hoved-opphaldsrommet. Båten skal jobbe langs kysten utanfor Brasil, og det har inspirert meg både tematisk og fargemessig til å tenke grønt! Inspirert av Amasonas og alt livet der, har eg jobba med nye teknikkar. Kombinasjon av broderi og papir, og å male på sparkel, for å nemna noko.
Trees are the earth’s endless effort to speak to the listening heaven.
RABINDRANATH TAGORE


There is a pleasure in the pathless woods,
There is a rapture on the lonely shore,
There is society, where none intrudes,
By the deep sea, and music in its roar:
I love not man the less, but Nature more.
~George Gordon, Lord Byron





Deler av opphaldsrommet, med sikt inn til røykerommet gjennom vindauga.



Dese gamle fiskebåtane fant eg ved vestkysten av Danmark.

Og her er messa:



Alle fuglane på bileta er maskin-broderte . Bakgrunnen er akryl-malt akvarell-papir.






Her er bilete i konferanse rommet:


Never doubt that a small group of thoughtful committed citizens can change the world. Indeed it´s the only thing that ever has.
Margareth Mead
Og her bileta som heng i trappesatsane:

Dette bilete betyr mykje for meg. Karoline, Axel si dotter, tok dette bilete då ho var på ferie i Venezia som 14-åring. Dei åt på ein fortausrestaurant, og ho såg refleksjonen av trea rundt di i eddik-dråpen i olja som følgde med brødet. Ho fotograferte det, og eg har jobba vidare med bilete i Photoshop, justerte fargane og føydde til teksten. Som er eit utdrag av høvding Seattle´s kjende tale.


To see a world in a grain of sand,
And a heaven in a wild flower,
Hold infinity in the palm of your hand,
An eternity in an hour.
WILLIAM BLAKE



Nature is man’s teacher. She unfolds her treasures to his search, unseals his eye, illumes his mind, and purifies his heart; an influence breathes from all the sights and sounds of her existence.
~Alfred Billings Street
Her er bilete frå nokre av kugarane:


Dør fisk – dør fugl – dør furu – dør folk Nordahl Grieg


The future belongs to those who give the next generation hope.
PIERRE TEILHARD DE CHARDIN

Her er bilete frå lugaren til Kapteinen. Han er frå Bømlo, som meg, og eg tenkte det kunne passe med nokre “heimslege” bilete til han. Motiva er frå vest i øyane utanfor Goddo og Brandasund.

CLEAR VISION
A prisoner of your own sorrow,
captivated by fear,
your soul is beautiful,
don´t pollute it with fear.
trust me, you deserve love.
Break the compromising pact
your soul swore the day your heart was betrayed.
Accept forgiveness,
it was meant for you,
and free your heart of hearts.
Let go of anger
sweep sorrow out the door,
breathe freely
and be strenghtened
by the salty sea-air.
The wisdom lies in your heart, just remember it.
True appiness will come your way,
pure love will spring to life,
all the gifts of life will trifold..
And you shall once again
be all that you were meant to be.
Janne Robberstad
PERSPECTIVE
The ocean awakes me
listen to the color of your dream
the sea takes me
to an unexpected clearview
I am shown
the complex simplicity of love
Janne Robberstad
____________________________________________________
Ein av dei tinga som gjer denne båten ekstra spesiell, er at det er ein sky-lounge øverst, over styrhusset. For ein utsikt!
Eg hadde lyst å prøva noko litt annleis til dette rommet, og laga eit stort relieff på 200x 235 cm. Overflata er eit bearbeidd foto av regnskogen i Guatemala (der eg var for nokre år sidan), som er trykt på ei 1 cm tjukk plast-plate, som så er skoren ut i eit “jungel-mønster” eg hadde laga til.
Desverre er ikkje bileta her så fine, så det kjem eigentleg ikkje fram kor bra det faktisk såg ut i røynda. Det var rett og slett kult!


Topics: Diverse | 1 Comment »
Eidesvik resepsjon
By spotogspindel | November 13, 2009




Topics: Diverse | No Comments »
DOF hovedkontor i Bergen
By spotogspindel | November 9, 2009
Eg har jobba med eit spenande utsmykkingsprosjekt dei siste månadane. DOF sitt hovedkontor i Bergen har flytta inn i nytt lokale: tre heile etasjar i eit nybygg på Marineholmen. Nedanfor er nokre av bileta:
















Topics: Diverse | No Comments »
Miss Saigon
By spotogspindel | August 5, 2009
Bilete fra Miss Saigon, Moster, august 2009
Her er bilete fra musikalen som eg har jobba med det sidan desember i fjor. Eg har kostyme-designet, og har og sydd nokre av kostymene til Kim.





































Topics: Diverse | No Comments »
Skandi Olympia
By spotogspindel | June 9, 2009
































Topics: Diverse | No Comments »
Kjerstins lovebirds
By spotogspindel | May 20, 2009
I går gjorde eg ferdig brudekjolen til Kjerstin. Ho kom fra Oslo for den siste justeringa. Og justering er rette ordet. Kjolen er praktisk talt forma rundt kroppen hennar, del for del. Ho må ha prøvd han ein ti-tolv gongar, kvar gong var det nye nåler og litt meir blonde på plass. Og sakte men sikkert vart det ein kjole! Me var så inne i prosessen at me reint gløymte å ta bilete, bortsett fra heilt mot slutten. Kjerstin var veldig tolmodig, eg trur ho rakk å skrive heile bryllupstalen sin medan ho sat og venta.
Det var ei utfordring å lage denne kjolen. Eg hadde ikkje noko mønster, og visste ikkje kvar vegen gjekk før eg kom dit.

Den svarte blonden er delvis tråkla fast i den kvite dupion-silken, medan tyllskjørtet er “frittståande” (bokstavleg talt, faktisk…)
Det siste me gjorde var å ha litt ekstra tyll på toppen av kjolen, for å mjuke opp overgangen mellom kjole og hud.

Nedanfor er kjolen heilt ferdig. Den ser enno betre ut på henne, den er jo faktisk forma spesielt til hennar kropp. Og sjølvsagt, i tillegg til brura, her manglar me hår, smykke, blomar og ein brudgom, for å få eit komplett bilete. Han har og skreddarsydd dress for anledninge, og eg gler meg til å sjå han!

Me er kjempefornøyd med tyll-skjørtet, det lagar så fin lyd når ein går
Topics: Diverse | 8 Comments »
Geishas og Samurai
By spotogspindel | May 18, 2009
Astri, søster mi, har nett opna nett-butikk: Velkommen!
Og kva er ein god interiørbutikk utan kunst? No sel ho nokre av mine bilete.
Desse er del av ein Asia-serie. Det er foto-collage, trykt på kanvas (med 85 års farge-garanti!) og innramma i ei flat, svart tre-ramme. Begge bileta er ca 30 x 45 cm.


Topics: Diverse | 6 Comments »
Marianne sin brudekjole er ferdig!
By spotogspindel | May 18, 2009
Etter eit par rundar med handsaum, er eg no ferdig med brudekjolen til Marianne. Ho var her i går kveld, for den siste prøvinga, og no er alt på plass. Eg gler meg sånn til å sjå bryllupsbileta hennar! Brudekjolar er alltid finare på brura enn på ei dokke, syns no eg.

Heile kjolen er sydd i silke. Chiffon og sateng, med innslag av organza, tyll og fløyel på belte. Og sjølvsagt glas-perlene ho har laga sjølv.
Og den a-symmetriske humpen på livstykket bak, er eit fjell! Fjellet på øya der mor hennar vaks opp, og der ho feira sommaren som barn.

Du kan sjå heile prosessen ved laginga av denne kjolen på tidlegare postar her.
Topics: Diverse | 4 Comments »







