Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Amanda

By Janne | October 20, 2011

Endeleg! Endeleg er det premiere på Amanda, og endeleg kan eg vise bilete frå kva eg har jobba med dei siste månadane.

Haugesund Teater sin største produksjon nokon gong, med 100 mann på scena (60 pr forestilling, då ungane deler roller). Satt til 1925 og 2011, viser det vegen til to sterke kvinner.

Elise, spela av Solveig Andsnes, spelar ein skodespelar som spelar Amanda i ein spelefilm. Filmen startar innspeling berre 4 veker etter at ho har termin med tvillingar, hennar 4. og 5. barn.

Mannen hennar Bjørn, spela av Jørgen Langhelle, har lova å ta seg av ungane, så ho får gå attende til jobb og fullføre drøymerolla si. Problema startar då ein av tvillingane ikkje vil ta til seg næring via flaske, berre amming kan få mat i den vesle.

Den historiske Amanda Sofie vert spela av Linn Løvik. Ho er delvis ein observatør, som ser korleis historia utviklar seg i framtida, og delvis hugsar ho sin eigen historie medan ho deler den med oss.

Hennar store kjærleik, Anders, spela av Tomos Young, dør frå henne, og som ung enke har ho 5 barn å ta seg av.

Kjærleikshistorien deira vert dansa, og det er så flott koreografi, at eg nesten vert på gråten, så rørande er det!

Som fattig enke prøver ho å klare seg utan hjelp frå fattigkassa.

Ho låner pengar og startar butikk. Men sidan ingen andre har pengar heller, lar ho dei få skrive på bok, og endar i praksis opp med å gi vekk maten.

Butikk-investoren Herr Frankson, spela av Andre Ernst grnås.

Haugesund er på denne tida avhengig av silda-fiske, og når silda forsvinn i sju år på rad, er det ikkje berre folk, men 4 av 5 bankar som går konkurs.

Før han døydde, tente Anders pengar på gauking, ulovleg sal av brennevin. Og Amanda Sofie bestemmer seg for å ta opp att forretninga hans.

Ryktet vil ha det til at ho sel seg sjølv og.

Historien vekslar mellom Amanda minne av kva som skjedde og av filminnspelinga av dei samme episodane i livet hennar. Her er Solveig i rolla som Amanda, som lagar mat til alle naboane.

Ei ny politi-kvinne i byen, spela av Siri Embla Risnes, er svært mistenksom, og til slutt tar ho Amanda Sofie på fersk gjerning.

Den andre politi-offiseren, spela av Jon Eikemo, er ei vennleg sjel, og svært glad i Amanda Sofie.

Med alle pengane ho har tent på gaukinga, kjøper Amanda Sofie nye kjolar og sko til sine 5 jenter, i tillegg til å hjelpa venner og kjente som treng det.

I parallell-historien om skodespelar Elise, går ho heim etter ein lang dag med filming i drivande regn.Ekte vatn, eit sjarmerande danse-nummer og ein dy-våt skodespelar.

Kven er alle dei grå folka i bakgrunnen? Dei er grå-folket vel! Dei som er forutinntatte, fordomsfulle, som seier kom-som-du-er-og-bli-som-oss, jantelovs-elskande du-skal-ikkje-tru-at-du-er-noko, “normale” folk. Dei har masse små roller gjennom heile stykket, og er dei som driv handlinga framover.

Her ein ein grå-folk avis-selger…

Og ein grå Burberry-snobb…

Mot slutten vinn Elise den norske film-prisen, Amanda (oppkalt etter Amanda Sofie).

Resymeet her blir kort og litt forvirrande, og eg har hoppa over mykje av stykket.

Birgit Amalie Nilsen har skrive manus og regisert forestillinga.

Kjetil Bjørnstad har komponert musikken.

Steffen Østensen har scenografien.

Darren Roysten har koreografien.

Halvor Lillesund er musikalsk leiar.

Og eg hadde kostyme-designet 🙂

Skodespelarar: Solveig Andsnes, Linn Løvik, Jørgen Langhelle, Jon Eikemo, Andre Ernst Grønås, Tomos Young, Lene Romseland, Siri Emlba Risnes, Janna Kari Kvinnesland, Odvar Husby, Heine Valvatne, Kjell Otoo Gard, Aslak Rossehaug, Kjetil Holme, Mas Hisham.

Her er kritikk frå Haugesunds Avis. 

(pressefoto)

 

Topics: Kostymedesign | No Comments »

Comments