Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

H E I M

By Janne | May 25, 2013

I dag opna eg Mostraspelutstillinga mi som eg har jobba med gjeonnom vinteren. Det er ekstra stas å få vera Mostraspelutstillar akkurat i år, då det er 50 års jubileum for Bømlo kommune. Ustillinga og bileta her er på mange måtar ein hyldest til Bømlo, øya der eg har vakse opp. Her er røtene mine, her er horisonten min. Nedanfor er bilete frå utstillinga, fyrst nokre i utstillingslokala, sidan meir detalj-bilete i reinare fargar.

Nedanfor er det eg syns er hovudbilete i utstillinga, frå Slåtterøy fyr. Norges største fyr, med nord-Europas kraftigaste lys.

_MG_6819

Desverre har eg ingen foto frå sjølve opninga, me tusen takk til Amalie Nilsen for vakre ord, og Trio Vest for vakre tonar!

_MG_6840

Hovudlokalet i Moster amfi er steinsalen, der to av veggane er rett og slett skorne ut av fjellet. Å henga bileta sine i wire, slik at dei ser ut til å flyte i lause lufta forran ein rå steinbakgrunn, er ein drøymeplass å stilla ut bileta mine.

_MG_6816

Mesteparten av bileta er laga spesielt til denne utstillnga, med motiv fra Bømlo. I tillegg er det nokre litt mindre stad-spesifikke bileta av gamle båtar. Eg er litt svak for dei…

_MG_6818

Medan eg vart intervjua av ein journalist i forkant av utstillinga, fant eg brått ut kva “bås” eg kan plasserast i: eg er ein kyst-romantikar!

_MG_6820

Kystkultur vart ofte assosiert med gamle båtar, men det er så mykje meir! Det er vår kvardag, her og no, det er det me er opptekne av. Det er ikkje berre gamle robåtar, det er supply-skip! Det er ikkje berre teiner og garn, det er lakseoppdrett. Det er ikkje berre fortid, det er notid!

_MG_6821

Men når det er sagt, så er eg veldig glad i gamle båtar. Bulkete, oppskrapa, rusta båtar. Båtar som har vore ute ei vinternatt, som har ein historie å fortelja. Ein historie eg gjerne vil vidareformidla. Visuelt.

_MG_6822

Det same gjeld landskap. Alle desse bølgene, som år etter år etter århundre etter århundre, har vaska svaberga reine. Så reine at det berre er den salte sanninga som står att. Det er eit spesielt lys, ei sterk lengsle, ei frisk lukt av salt. Det må opplevast, det er vanskeleg å setja presise ord på det.

_MG_6813

Men attende til utstillinga. To nye rekkjer med bilete. Bileta over er laga i foto-collage. Ein blanding av akrylmaling, fotografi, lag på lag med ulike element som er blanda saman digitalt. Nedanfor er collagar av papir og oksydert, vevd metal.

_MG_6827

Alt i alt er det 48 bilete på utstilllinga.

_MG_6833

“Make waves” eller lag bølger. Eg syns det kan vera eit godt motto.

_MG_6835

Det einaste bilete direkte knytt til Mostraspelet er ein ung viking som får sitt fyrste sverd.

_MG_6836

Det tredje rommet i lokalet er kafeen. Varmen i panelet passar godt til varmen i bileta mine.

_MG_6839

Eit vintermotiv. “Vente på vinter, vente på vår”

_MG_6830

To av bileta er malt med akryl på tre.

_MG_6826

Ikkje alle har så mykje veggplass, så eg har laga ein heil haug med puter, alle ulike, med silktrykkmotiv frå svaberga på Slåtterøy.

_MG_6810

Nedanfor er meir detaljerte foto av bileta mine, utan innblanding av kunstig lys. Det står både navn og storleik under kvart av dei. Nokre av dei som kan verka veldigsmå her, er ganske store i det verkeleg liv, medan andre er det motsatt med.

Slaatteroyfyr

“Finaste plassen på jord… på ein god dag”, 50x150cm

tower

“Heilt på sjeivo”, 40×50 cm

Langevåg50x70

“Grønstein”, 40×60 cm

Løklingskip40x60

“Kven kan ro utan årer”, 40×60 cm

naust35x80

“Til og med sjøhus kan leka gjøyma-og-telja”, 35×80 cm

Røyksund40x60

“Røyksundkanalen”, 40×60 cm

Brandasund60x90

“Barndoms sommar hadde varme hesjer” , 60×80 cm

hummerparken30x60

“Hummarparken”, 35×70 cm

SiggjoGAZ50x100

“Eg syns iallefall at Siggjo har vore ein vulkan!”, 50×100 cm

sjergard50x70

“..  drøyma seg til sjøs”, 40×60 cm

obligation

“Obligation”, 40×60 cm

Torolf60x80

“Litle Torolf får sitt fyrste sverd”. 60×80 cm

Wichmannkara70x100

“Wichmannkarane / skikkelege mannfolk”, 70×100 cm

algea

“Så fint algene blømer!”, 40×50 cm

naustdoor

“Naustdør gone wild/ if these walls could talk”, 40×50 cm

pink

“Gamle trebåtar gløymer ikkje sin barndoms skjergard”, 60×80 cm

redtower

“Slåtterøy turkis/rød”, 23×28 cm

seascape

“Småbølgene vassar heim til kvelds”, 40×50 cm

Tjong2

“Tjong å der”, 30×40 cm

Trettholmen1

“På ein god dag kan du sjå heilt til Island”, 40×50 cm

vaage

“Våge”, 30×40 cm

baug

“Nokre gongar om sommaren kan du til og med bada i sjøen”, 40x60cm

holme35x75

“Midt mellom ein lengsel/ å lengta ut og å lengta heim”, 30×70 cm

seahouse

“Raudt sjøhus, 50×60 cm

svaberg

“Denbeste sommaren har varme svaberg”, 40×50 cm

Alle bileta er for salg, så om du har spørsmål, kan du kontakta enten meg eller Moster amfi.

 

Topics: Biletkunst | No Comments »

Comments