Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Stril Orion

By Janne | October 29, 2011

Simon møkster Shipping bygde nyleg supply-skipet Stril Orion. Eg leverte kunst til alle felles-areal, og mindre bilete til alle lugarane.

Desse er det store hovudbilete du ser med ein gong du kjem inn i messa.

“Horisont”, 50×120 cm

Ved sida av det heng eit anna bilete, dette med motiv frå den steinete stranda ved søvika, berre nokre få hundre meter frå der skipet vart bygd.

“Orion Søviknes”, 50×75 cm

Det siste bilete i messa er og frå Sunnmøre.

“Sunnmøre”, 40x80cm

eit utdrag av teksten på bilete:

Her ser du bileta på veggane i messa.

Nok eit bilete frå Søvika, desse nausta prydar dag-rommet.

“Søvik naustrekkje”, 40×75 cm

På motsatt vegg finn dette bilete av tauverk ombord i ei segl-skute.

Og her er dei på veggane.

Nok eit bilete med tauverk. Eg trur dei fortel mange tause historiar i hardt arbeid.

“Tau”, 60×90 cm

Frå røyke-rommet.

Om me forflyttar oss opp i båten, kjem me til Kapteinens lugar. Her finn me dette bilete.

“Moka” 50×75 cm

Eg fann denne båten i Port Townend og fall for den slitne sjarmen.

“Ankeret til Bounty”, 50×75 cm (tittelen seier vel alt om motivet) er i chiefens lugar.

Det siste felles-rommet er konferanse-rommet. Eit møterom med krav til klare tankar og effektiv møte-verksemd. Så eg tenkte det kunne passa med klare fargar her.

“Rød!”, 80×100 cm

Dei beste ynskjer for Stril Orion og hennar mannskap!

 

Topics: Biletkunst | No Comments »

Comments