Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Skandi Iceman

By Janne | September 22, 2013

Gratulera til DOF! Skandi Iceman er det siste skipet i flåten, og eit vakkert skip er det! Nok ein gong har eg hatt æra av å utsmykke skipet. Og eg håpar både rederiet og ikkje minst dei som arbeider ombord blir fornøgd og kjenner seg som heime ombord. Vil du bli med på ei lita omvisning?

Me startar i messa. Eit relativt stort rom, litt mørkt med små vindauge, så eg bestemte meg for å laga eit bilete som lyser opp i rommet. Bokstaveleg tala! Det er ein fotocollage, trykt på eit spesialtekstil som blir montert på ein lysboks.Så på dagtid ser det ut som eit bilete, og på nattestid, når ein slår av taklysa, blir bilete til ein lampe.

fjellonfire

“Fjell i brann”, 75×150 cm

_MG_0840

Her ser du det på plass.

snow1.lys

“Skispor”, 100×200 cm

Dette bilete er  laga på same viset, og heng i konferansrommet. Diverre har eg ikkje sett det oppmontert og ferdigkopla med straum. Eg trong hjelp av elektrikar til det, og han jobba nattskift denne siste veka. Men over ser du som sagt originalen iallefall.

Is og snø, er emnet rederiet ville eg skulle inspirerest av, skipet heiter tross alt Iceman og er utrusta for å arbeide i arktiske strøk. Så vinter og snø går igjen i bileta. Men på nokre av dei ville eg ha ein vri, og valgte å sjå på arktisk dyreliv.

Med dette i bakhovudet går me vidare til opphaldsromma eller stovene. Den fyrste av dei ligg rett ved messa. Her er det to freestyle maskinbroderte dyreportrett.

_MG_0862

“Isbjørn”, ca 60×70 cm

Isbjørnen er i allslags nyansar av kvitt, via gult til blått og litt grått. Eg trur til og med det er litt rosa inni der. Sjølve bjørnen er ca 30×35 cm, og det tok to samfulle dagar å sy han. Han er montert på ein malt baakgrunn, dekka med rispapir. Passepartou og glas og ramme og han er klar for sin første tur nordover.

_MG_0860

“Isbjørn”, utsnitt

_MG_0855

“Pingvin”, ca 50×60 cm

Pingvinen er og maskinbrodert, montert på same vis som isbjørnen.

_MG_0856

På grunn av fasongen er han litt mindre enn isbjørnen. Over kan du sjå detaljane i stinga.

_MG_0847

To lyse bilete til eit mørkt rom. Heldigvis har dei satt opp ekstra lys i taket, spottar som gjorde underverk både for rommet og kunsten.

_MG_0851

Same rom, men to andre bilete.

GLACIER

“Glacier (isbre)”, 60×80 cm

Dette bilete er basert på ein tur eg hadde til Jostedalsbreen i sommar. Eg har jobba mykje med fargane for å få det til å sjå ut som eit 60-tals souvenir postkort. Bilete er trykt på akryl, og montert på veggen med spesialoppheng, som gjer at det kjem 2-3 cm ut fra veggen.

SoriaMoria.copy

“Soria Moria”, ca 50×100 cm

Eg likar det litt utradisjonelle uttrykket.  Eit meir tradisjonelt uttrykk til meg å vera er bilete  over. Motivet er frå Sogn, bilete er trykt på lerret og ramma inn i ein enkel, svart treramme. Eit friskt vintermotiv i delikate fagar.

_MG_0864

Og slik ser det ut i rommet. (Det er fortsatt ei veke til dåp når eg var ombord, så ikkje alt er ferdig utpassa og plassert der det skal vera av møblement)

Me forflyttar oss til røykerommet. Og her er me attende til arktisk dyreliv igjen.

moskus

“Moskusokse”, 60×80 cm

Polarrev

“Polarrev” 60×80 cm

Begge bileta er trykt på akryl-plater. Dei kjem og ein 2-3 cm ut frå veggen. Og sjølv om det kanskje ikkje visar så veldig godt på fotoet nedanfor, friska dei veldig opp i rommet med sitt luftige uttrykk.

_MG_0843

Eita anna bilete frå rommet. Alle tre frå tidlegare nevnte isbretur. Det eg likar godt med dette bilete er at det er fullstendig naturalistisk og SAMTIDIG fullstendig abstrakt.

Isbredd!

“Ice, ice baby” 60×80 cm

Dette er og trykt på akryl. (Lett å halda reint)

_MG_0844

Det ser litt einsamt ut medan det ventar på møblane som skal komma…

_MG_0846

Både små og store båtar kan ofte bli litt trange og mørke. Arkitektane har gjort ein god jobb for å motverke dette ved å setja inn vindauge mellom nokre av romma. Det hjelper godt, og gir ekstra lys. Ein knakande god ide!

No går me opp tre etasjar til D-dekket. Her ventar nok ei stove.  Her er emnet vinteraktivitetar.

fjellvettreglene

“Isbrvandring”, ca 60×100 cm

Skitour

“Alle nordmenn er født med ski på beina”, ca 60×90 cm

icefishing

“Isfiske”, ca 60×80 cm 

Og i rommet ser det slik ut (ja, det manglar nokre gardiner her)

_MG_0837

Er ikkje dette kvite skinnmøblementet lekkert?!

_MG_0831

I det same rommet har eg eit stort veggtekstil.

_MG_0834

“Den store emmigrasjonen”, silke/lin, ca 100×150 cm

Laga av tre lag stoff: det innerste kvit lin, så turkis siljechiffon, og til slutt kvit silkechiffon. Dei heng saman med sølvtråd, fritt brodert i isbjørn-fasong.

_MG_0827

Til slutt eit lite silketrykk. Originalen er eit motiv av nakne svaberg. Men når det vert trykt i perlemorsskimrande kvitt og lysseblått, vart det plutseleg eit vinterlandskap. Ein draum for alle med hytte i fjellet i påsken…

_MG_0835

“Vinterdraum”, ca 30×40 cm

Til slutt har me to lugarar. Fyrst ut er Kapteinen:

snow1.35x70cm

“Snø”, 35×70 cm

pyramidefjell

“Pyramidefjell i Sogn”, 50×40 cm

wintercoat

“Med vinterkåpa på”, 40×50 cm

_MG_0815

Slik ser det ut i rommet:

_MG_0814

Og sist, men ikkje minst: chiefen!

solitare40x50

“Einsemd”, 40×50 cm

FJORD1.40x50cm

“Fjord”, 40×50 cm

skispor

“Skispor”, 40×50 cm

Og i rommet:

_MG_0820

Dette skipet er heilt fantastisk flott. Fullsertifisert for mange operasjonar, er det verkeleg eit “multi-purpose-skip”.

_MG_0817

All mogleg lykke til til sjøfolka ombord, måtte vinden vera i ryggen dåkas når de seglar dei sju hava!

Topics: Biletkunst | No Comments »

Comments