Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Skandi Aker

By Janne | January 8, 2010

Dof´s nyaste stolthet, Skandi Aker, er endå eit multifunksjons skip, og søster-skipet til Skandi Acergy og Skandi Arctic.

Nok ein gong er eg den heldige som har fått lov å utsmykke DOF´s flotte skip. Her er ein presentasjon av utsmykkinga, og nokre av tankane bak den.

I messa har eg laga tre Kjærleiks-skjold. Eller livs-skjold. Inspirert av afrikanske stammers krigs-skjold, men med motsatt intensjon. Dei er laga for å beskytta eigaren med fred, gjennom å læra, å leva og å elska.

love-shields

Ein del av det å leva er å vera open for det som livet gir deg. Ei livslang læringsprosess gjennom å bruka sansane dine og tanken din.

learn

Livet er vårt felles unike eventyr. Så vidt me veit, lever me berre ein gong, så me kan velga å gjera mest mogleg ut av det me har. Og då tenker eg ikkje på å klatre Himalaya, men å vera vaken og aktivt tilstades i eins eige liv, og å skapa eigen sjebne.

live

Kjærleik er det enklast og det vanskelegaste. Det mest vedunderlege av alle primær-behov.

love

Alle skjolda er laga av oksydert kopar og messing.

_____________________________________________

I samme etasje er det fire opphaldsrom, inkludert eit bibliotek. Favoritt-sitatet mitt av Shakespear er no for alltid etsa  i kopar og messing:

For et mesterverk mennesket er! Så opphøyet i sin fornuft! Så ubegrenset i sine evner! Så utrykksfullt og beundringsverdig i skikkelse og bevegelse! Så lik en engel i handling! Så lik en gud i tankekraft! Verdens pryd! All skapnings forbilde!

aker-whatapiece

Eitt anna emne eg har jobba med ombord i denne båten er lys.

I desse to fyrste bileta, har eg jobba med fyrlykter, og kor viktig insats dei har gjort for å halda sjøfolk trygge. Sjølv i dag, når skipsfarten er modernisert og elektronifisert, kan ein setja pris på viktigheten av desse husa.

wlys

lys2

Både fyrtårn-bileta over og det nedanfor er foto-collagar. Ser du familie-portrettet i det øverste? I tenker at det er ein fyr-vokter familie. Originalen er to meter lang, så det er mange detaljar her, som du ikkje kan sjå i denne vesle varianten.

aker-library

Del av biblioteket. Stolane er fortsatt ikkje komen på plass.

Bilete nedanfor har og eit fyr-tårn emne, og det heng på det minste av konferanse-romma.

wbåtbotn

aker-conference1

Bilete nedanfor er fra det andre, og større konferanse-rommet. Eg hadde to foto-collagar til dette rommet, begge i ein nostalgisk kyst-kultur stemning.

aker-conference2

raudenaust2

raudenaust1

I røyke rommet, finn du bilete: “Quo Vadis?”

aker-quovqdis

quovadis

Og du kan danse med vinden som ein derwish.

aker-dance

derwish

Eller du kan simpelthen lengta etter sommaren…

aker-summerdreams

Her er bilete fra dei andre opphaldsromma:

aker3myisland

toomuch

(Dei ser så forskjellige ut i dagslys og kveldslys, det er derfor eg viser begge variantar)

aker-toomuch

På den vesle lappen står det med lita skrift:

For mykje av det gode, kan vera bra!

aker-light

Sommarleg og lett som ei fjør.

aker-magicalimagination

magical

imagination

aker-dreamwideawake

dreamwideawake

Fire etasjar opp er Kapteinens lounge, her er bileta som er der:

aker-captlounge

Alle desse turkise bileta er akryl malt lag-på-lag på akvarell-papir, i collage med diverse funne objekt. Nokre av orda er oksydert i kopar eller messing.

aker-lovestrong

aker-liveproud

liveproud

Her er bileta i Kapteinens lugar:

aker-captain

Han blir oppfordra til å “synge ut”. Men det er kanskje ikkje nødvendig?

Chiefen har bilete fra Kina.

aker-chief

straw copy

roof copy

orange copy

dress copy

Og til slutt eit av bileta fra ein av klient-lugarane. Dette har motiv fra India:

aker-client1

Topics: Biletkunst | No Comments »

Comments