Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



DOF hovedkontor i Bergen

By Janne | November 9, 2009

Eg har jobba med eit spenande utsmykkingsprosjekt dei siste månadane. DOF sitt hovedkontor i Bergen har flytta inn i nytt lokale: tre heile etasjar i eit nybygg på Marineholmen. Nedanfor er nokre av bileta:

 

DOF-world

DOF-Bryggen

DOFchallenge

DOFfish1

DOFstrong1

DOFfree

DOF6b

DOF6a

DOF-howmanymen

DOF-meetingroom

DOF-meet2

DOF-challenging1

DOF-baugar1

DOF-baug-bilde1   

DOF-Austevoll1

1842a

18422

Topics: Diverse | No Comments »

Miss Saigon

By Janne | August 5, 2009

 

Bilete fra Miss Saigon, Moster, august 2009

Her er bilete fra musikalen som eg har jobba med det sidan desember i fjor. Eg har kostyme-designet, og har og sydd nokre av kostymene til Kim.

poster

engineer11

johnchris

gigi1

virgin

chriskim

wedding

wedding-copy

ellen

morning-copy1

morning2-copy1

engineer5-copy1

pyro-copy2

kimtam2-copy

tamthuy-copy1

kim4-copy1

refugee-copy1

kimtam3-copy1

flyktning

buidoi

bui2

bangkok-copy2

tourists

johnkim

thuysghost

evaquation1

heli

ellen2

engineer7-copy1

baseball-copy1

beauties-copy1

bunny-copy1

ginger-copy1

jamesdean-copy

engineer3

kimtam-copy

suicide-copy1

Topics: Diverse | No Comments »

Skandi Olympia

By Janne | June 9, 2009

skandiolympia

aposse

10101

13131

1368-1386

1389waves3

16382

1803

18361

1838

1683

1938

1968

9831

304050

17mai2

captainsconferance

takk-bc3b8lgene1

syncronized-running

tony and clint

wrestle2

wrestling

run-for-your-life1

cabin-egypt

cqbin-cairo

caabin-art1

cabin-art2

olympia

stairs

dofsteinmura1

framing-detail

job-well-done

Topics: Diverse | No Comments »

Kjerstins lovebirds

By Janne | May 20, 2009

I går gjorde eg ferdig brudekjolen til Kjerstin. Ho kom fra Oslo for den siste justeringa. Og justering er rette ordet. Kjolen er praktisk talt forma rundt kroppen hennar, del for del. Ho må ha prøvd han ein ti-tolv gongar, kvar gong var det nye nåler og litt meir blonde på plass. Og sakte men sikkert vart det ein kjole! Me var så inne i prosessen at me reint gløymte å ta bilete, bortsett fra heilt mot slutten. Kjerstin var veldig tolmodig, eg trur ho rakk å skrive heile bryllupstalen sin medan ho sat og venta. 

Det var ei utfordring å lage denne kjolen. Eg hadde ikkje noko mønster, og visste ikkje kvar vegen gjekk før eg kom dit. 

last-pins

Den svarte blonden er delvis tråkla fast i den kvite dupion-silken, medan tyllskjørtet er “frittståande” (bokstavleg talt, faktisk…)

Det siste me gjorde var å ha litt ekstra tyll på toppen av kjolen, for å mjuke opp overgangen mellom kjole og hud. 

lovebirds1

Nedanfor er kjolen heilt ferdig. Den ser enno betre ut på henne, den er jo faktisk forma spesielt til hennar kropp. Og sjølvsagt, i tillegg til brura, her manglar me hår, smykke, blomar og ein brudgom, for å få eit komplett bilete. Han har og skreddarsydd dress for anledninge, og eg gler meg til å sjå han!

kjerstins-lovebirds1

Me er kjempefornøyd med tyll-skjørtet, det lagar så fin lyd når ein går 🙂

Topics: Diverse | 8 Comments »

Geishas og Samurai

By Janne | May 18, 2009

Astri, søster mi, har nett opna nett-butikk: Velkommen! 

Og kva er ein god interiørbutikk utan kunst? No sel ho nokre av mine bilete. 

Desse er del av ein Asia-serie. Det er foto-collage, trykt på kanvas (med 85 års farge-garanti!) og innramma i ei flat, svart tre-ramme. Begge bileta er ca 30 x 45 cm.

geisha-gathering

samurai-solo

Topics: Diverse | 6 Comments »

Marianne sin brudekjole er ferdig!

By Janne | May 18, 2009

Etter eit par rundar med handsaum, er eg no ferdig med brudekjolen til Marianne. Ho var her i går kveld, for den siste prøvinga, og no er alt på plass. Eg gler meg sånn til å sjå bryllupsbileta hennar! Brudekjolar er alltid finare på brura enn på ei dokke, syns no eg. 

marianne-fram mariannebak1

Heile kjolen er sydd i silke. Chiffon og sateng, med innslag av organza, tyll og fløyel på belte. Og sjølvsagt glas-perlene ho har laga sjølv. 

Og den a-symmetriske humpen på livstykket bak, er eit fjell! Fjellet på øya der mor hennar vaks opp, og der ho feira sommaren som barn. 

marianne1

Du kan sjå heile prosessen ved laginga av denne kjolen på tidlegare postar her.

Topics: Diverse | 4 Comments »

Velkommen!

By Janne | May 15, 2009

Søstera mi, Astri har nett opna nett-butikk, i tillegg til interiør-butikken hennar i Fusa. 

Velkommen hedding.eps

Ho har mykje fint, mykje kosleg, og mykje elegant. Ein av mine favorittar er morgonkåpa frå Barefoot Dreams. Den er super-god, og Astri er den einaste i Skandinavia som sel dei.

Layout 1 (Page 1)

Ein anna favoritt er denne paraplyen. Ein draum for ein kostymedesigner. 

image_1181

 

Ho har og ein blogg, for idear og inspirasjon.

inspirasjon1

Topics: Diverse | No Comments »

Kjerstins skjørt

By Janne | May 7, 2009

Eg har sydd på Kjerstin sin skjørt dei siste dagane, så mykje at eg har drøymt om blonde-pussling! Men arbeidet ber frukter, og no er snart komen så langt eg kan kome før ho kjem på prøving. Eg trur dette blir ein flott kjole, og klarte berre ikkje å la vera å vise eit bilete.

kjerstins-skjc3b8rt2

Med all tyllen under, kjem kjolen til å stå eit godt stykke ut frå kroppen. Det blir spennande å sy alt saman. Og eg håpar han blir slik som Kjerstin vil ha han.

kjerstin-skjc3b8rt1

Så det neste no, blir å drøyme om korleis eg skal plassere glidelåsen…

Topics: Diverse | 1 Comment »

tyll!

By Janne | May 6, 2009

Eg er heldig! Den yngste søstera mi, som tilfeldigvis er nærmaste nabo, er flink å sy, og heldigvis hadde ho tid til å hjelpa meg å sy denne helga. Og etter 160 meter tyll, var underskjørtet til Kjerstin ferdig!

Det er ein morsom liten sak som står av seg sjølv på golvet, og lagar god-lydar når ein går.

tulle

Topics: Diverse | 2 Comments »

Mariannes kjole blir til

By Janne | May 5, 2009

Det mest spesielle med kjolen til Marianne, er liv-stykket. Det er 12 cm høgt, og på det skal det vera plass til to fjell, minst ein båt, familen og vennene hennar, perlene hennar og kanskje ei løvetann. 

Så etter å ha drøymt om det i eit par veker, syns eg at eg hadde ein ganske god ide. Marianne er ei flott dame, som veit kva og kven som er viktig for henne, og ho veit å sette pris på det. Ho likte ideen om ha symbol for ulike sider ved henne, kvar ho er fra, kven ho er og kva ho står for, på kjolen. Så her er litt om symbolikken i kjolen til Marianne:

covering-the-mountain

I bakgrunnen er Siggjo, det eine store fjellet på Bømlo, der ho er oppvaksen. Nokre av oss innfødde likar å tru at det er ein gammal vulkan, som og er eit fint symbol for lidenskapen mellom ekteparet.

the-heritage-roots

 

Røttene representerer familien hennar, slekta og historien. Sjult (igrunnen ikkje) er det juvelar og perler, som representerer dei sterke banda som knyter familien saman. Brura har laga glasperlene sjølv, og det gjer symbolikken endå sterkare, syns eg. 

belt

Med denne plattforma i livet, veks Marianne opp som eit sterkt og fritt menneske. Famiilen gjer henne kjærleik, og ho sjølv sprer kjærleik, attende til familien, til mannen sin, til venner, alle veldig viktige for ho. Så hjarta er symbolet på Marianne sjølv, hennar band til famile og venner og til hennar elskede, Svein Ove. 

tracing-the-boat-onto-paper

Over er det eine bakstykket. Dette er den gamle famile-båten, som ho hadde mange gode minner frå. Eg overførte forma på båten til matpapir, , nåla det fast, og maskin-broderte båten på plass. Det er ein artig måte å teikne på, der symaskinen er ein stilleståande blyant, og stoffet  som du teiknar på må flytte seg. Omvendt av vanleg teikning, med andre ord. 

sowing-the-boat

Eg sydde langs strekane, og reiv av matpapiret. Det er forresten lurt å bruke ei tynn synål når ein jobbar med dette. 

belt-back-2

Etter at papiret var fjerna, fortsatte eg med fri-broderi med bølger og varme vindar frå sør som ber med seg tru, håp og kjærleik heilt opp nord til resten av mors-slekta.

Så no er det vel berre løvetanna som manglar…

Topics: Diverse | 3 Comments »

« Previous Entries Next Entries »