Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Stril Polar

By spotogspindel | February 10, 2012

I dag er dåpen på Stril Polar, Møkster Shipping AS sin nyaste supplybåt. Tidlegare i veka var eg ombord og monterte kunsten. Bli med på ei lita omvisning!

Me startar i messa. Her heng to bilete, eitt sjøhus frå Hareid  på Sunnmøre…

… og eitt anna naust frå dimna, óg på Sunnmøre.

Slik ser det ut opphengt på veggane.

Vegg-i-vegg med messa ligg røykestova. Det lettar veldig kjensla av lys og kontakt mellom romma når ein legg innvendinge vindauge mellom romma, slik det er gjort her.

Den mest kjende attraksjonen i Stavanger er ein stor skulptur i Hafrsfjord kalla Sverd i stein. Ein utruleg flott skulptur, sveldig symbolsk i forhold til historien som utspant seg her for rundt 1000 år sidan. Så dette er den direkte inspirasjonen for dette bilete.

Vegg-i-vegg på hi sida er neste stove. Her heng to til bilete. Endå litt sør for Stavange ligg Hå, kanskje mest kjent for prestegarden, no kunstgalleri, og fyrtårnet.

Bilete nedanfor er frå Flø mot Runde på Sunnmøre.

Beklagelegvis er ikkje lysforholda optimale på fotografia av plasseringa, men du får eit inntrykk. 🙂

I konferanse-rommet, heng dette landskapsbilete frå Sunnmøre. Det heiter enkelt og greit “Ferja”. Når ein veks opp ute i øyane langs kysten, veit ein kor viktig ferja er. Denne “livs-linja” er den dag i dag folk avhengig av for eksempel for å komma seg til sjukehus.

Og på veggen i eit enno ikkje-heilt-rydda rom:

Dette sjøhuset ligg i Dåfjorden i Fitjar. Det er så mange nye, fine og kjedelege sjøhus, og stadig færre gamle med sjel!

Dette dekorerer veggen til kapteinen.

Og til slutt, Chiefen sitt bilete, som er eit aldri så lite bilete frå Lofoten.

Stril Polar er ein så flott båt! Eg ynskjer Møkster og heile mannskapet til lukke med ny båt! Allereie neste månad skal dei oppdrag utanfor Hammerfest.

 

 

 

Topics: Biletkunst, Diverse | No Comments »

Comments