Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Stril Luna

By Janne | July 28, 2014

Stril Luna er namnet til Simon Møkster sin nyaste ofshore båt. Det er eit nydeleg skip, omtrent 80 meter langt, med sengeplass til 25. Eg er stolt over å levera kunst til dette skipet!

Skipet var døypt alt i juni, men var fortsatt ikkje heilt ferdig då eg monterte bileta i juli, så på nokre av fotoa er det itt uryddig. Men når alt er komen på plass, blir dette eit flott skip!

Skipet kjem til å arbeide i arktiske strøk utanfor Nord-Norge. Difor ville eigarane gjerne ha bilete knytta til is og snø. Mange a vmotiva mine er frå turen min til Svalbard i april.

På tide å starte omvisninga! Me byrjar i messa. Her har eg plassert det største bilete.

aurora

“Aurora”, oppkalla etter nordlyset. 120x180cm.

Dette er snø både frå insida og frå utsida. For å forklara: eit av laga i bilete er er eit foto teke 20 meter ned i ei bresprekk, rett inn i gamal stålis. Slik ser bilete ut i messa.

MG_7299

Auroras søster-bilete heiter:

Borealis2

Borealis”, 60×80 cm

Bi-Polar

 

“Bi-polar”, 60×90 cm

Eg møtte denne isbjørnen på Svalbard! Men eg må innrømma at han stod heilt i ro inne på museet. I motsetnad til mange andre besøkande som reiser til Svalbard, har eg faktisk ikkje noko hemmeleg drøm om å treffa isbjørn. Det her heilt ok å sjå dei på naturprogram på tv! Dei er tross alt flotte dyr!

MG_7348

 

Messa er på mang slags vis det viktigaste rommen ombord. Alle er der minst tre gånger om dagen for å eta, henta energi og for å vera sosial. Snart vert dette rommet fyllt av liv!

PuffinNuffin

 

“Puffin-nuffin”, 60x80cm

et einaste ordspelet eg kan på engelsk, og endeleg kom det til nytte! 😉

RaindeerRule

 

“Reinsdyra ruler” 60x90cm , trykt på plexiglas

Arksiske reinsdyr er ikkje redde for menneske. Dei har berre ein naturleg fiende, og det er isbjørnen. Så desse dyra treff du overalt, mellom hus og over gater i Longyear byen.

MG_7344

 

Det minste bilete over, er ei gave frå verftet til rederiet, og er laga av ein glaskunstnar eg ikkje veit nanvet på.

Det neste bilete er nok eit magisk landskapsbilete frå Svalbard. Om du nokon gong får sjangs til å reisa di: dra! Det er handa-på-hjarte ein av dei vakraste og mest eksotiske plassane eg har vore!

coldGeometry

 

“Kald geometri”, 60×90 cm

Eg plasserte dette bilete i gangen mellom messa, dei to opphaldsromma, trappa og utgangen.

MG_7343

 

Om me går vidare, kjem me til røykestova. Arktisk dyreliv er tema for dette rommet.

Finnmarcken

 

“Finnmarchen sel”, 60×80 cm

husky

“Husky Holiday”, 70×70 cm

sealion

 

“Kvalross” 60×80 cm

Alle karta er fra Svalbard og Spitsbergen. Og nedanfor ser du rommet dei er i. (Som du ser manglar det fortsatt nokre lampar og planter her for at det skal blir skikkeleg heimekoseleg)

MG_7301

MG_7302

 

Ned eit par etasjar og me finn møterommet.

spring

 

“Vår”, 90×150 cm

Desse fjella er ikkje langt fra Barentsburg.

MG_7328

 

Utan lampettar  og stolar blir det liksom ikkje heilt det same, men eg håapr bilete kan mane to gode og gjennomtenkte løysingar på problemstillingane som skal løysast i dette rommet.

No står kapteinen for tur.

Husky-power

“Husky-kraft”, 60×60 cm

Eg har nevnt at husky-hundar er glad i å jobba. Dei er kraftfulle dyr. Dei samme eigenskapane kan ein finne hos mange folk. Og det kan godt vera eit ideal for ein kaptein. Ein som elskar jobben sin, og som anstrenger seg ekstra i ansvaret for andre.

Chill-time

 

“Chill-time”, 60×90 cm

Men når det er sagt, må han få lov å slappa av og. Så her er ein liten fantasi i dette bilete. Medan han er omringa av iskalde fjell, har ein lov å drøyma om varme dagar, kanskje i ei hengekøye om bord i ein liten seglbåt i Karibien.

MG_7340

MG_7320

 

Over gangen finn me chiefen sin lugar.

snownation

 

“Snøfartsnasjonen”, 60×80 cm

Her er det eit norsk ordspel som har snike seg inn. Sjøfart – snøfart…. tja. Litt tørr humor kanskje, men ein ekte helt å sjå opp til.

MG_7305

Og til slutt, første-offiseren sin lugar. Han er forhåpentlegvis klar for sitt arktiske eventyr.

MG_7313

“Arctic adventure”, 40×60 cm

Eg håpar du har likt rundtturen vår.

Bon voyage til Stril Luna og mannskapet hennar! Måtte du segla stødig i vind og vær!

 

Topics: Diverse | No Comments »

Comments