Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Skandi Skansen

By Janne | June 28, 2011

Ein splitter ny DOf båt skal døpast på lørdag. I går var eg på aukra for å montera kunst ombord.

Skandi Skansen er oppkalla etter ein bydel i Bergen, og nokre av motiva er derfrå. Me byrjar på a-dekket og stova der:

Her er den gamle brannstasjonen på Skansen, med vann-reservoaret ved sidan av. Tenk at dei egentleg vil fylle igjen her!? Denne idyllen midt i byn?

Her er det gamle tårnet, med god utsikt over byn.

Eg må berre vise deg bilete av taket, er det ikkje flott?!

Så går me inn i messa:

Innandørs vindauge er ein god idé for å spre dagslys. Her heng det fire bilete fra smaua i område rundt Skansen.

Tenk så flott det hadde vore å budd her!

Om me beveger oss oppover i båten går me forbi to bilete i trappeoppgangen. Fyrst dette malte sjøhuset på Lepsøy, utanfor Os.

Så dette av ein svensk åker.

Oppe på E-dekket kjem me til Captain´s lounge. I bakgrunnen ser du røykerommet.

Dei kvit skinnsofaene gjer rommet så lyst og flott og… eksklusivt, syns eg!

Bilete frå verftet i Dåfjorden, der dei reparerar gamle båtar. Alltid flotte motiv å finna her!

…og ein gamal segl-båt.

Den andre kroken av rommet.

Inne i røyke avdelinga.

Baug-bilete har fått navnet “Ups and downs”.

Her heng og ein liten kopar-by, der mottoet er å “Live out loud!”

Oksidert kopar, med messing og andre funne objekt.

Så tar me turen innom Kapteinens lugar.

“Full fart framover” heiter bilete, men tanken er at det skal mane til ettertanke før ein durar framover for fullt.

Og inne hos Chiefen heng det ein gamal dykker-klokke.

Inne på konferanse-rommet heng desse metall-bileta.

Silketrykk på aluminium. Ein kombinasjon eg ikkje har prøvd før, men som får eit friskt og reint uttrkk, syns eg. Diktet er eit hyllningsdikt til øyane her vest i havet. Og øys som er avbilda heiter Trettholmen og ligg utanfor Goddo/Brandasund.

Øverst ombord ligg sky-loungen. Det flottaste rommet, lyst og fint. Her heng det fire bilete i serie.

Rommet sett frå ein annan vinkel.

Motiva er alle nærbilete av båtsider, med andre element lagt til. Litt meir abstrakt enn eg ofte jobbar, men desse bileta er blandt mine favorittar ombord i denne båten.

Då håpar eg du har hatt ein fin omvisning, og endå meir håpar eg at folka ombord kjem til å trivast med bileta eg har laga for dei.

 

 

Topics: Biletkunst | 1 Comment »

One Response to “Skandi Skansen”

  1. Ole Osuldsen Says:
    September 23rd, 2011 at 09:33

    Very nice, I was at SK Skansen last Friday. Nice change for a large vessel.

Comments