Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Perpleks

By Janne | January 24, 2014

E-postvedlegg

(foto: Stig Håvard Dirdal)

Perpleks hadde premiere fredag kveld. Det er eit finurleg stykke som er vanskeleg å plassera i bås.

Skriven av Marius von Mayenburg og oversatt av Thomas Bjørnager

Regi: Glenn André Kaada

Scenograf og komponist: Arne Nøst

Kostyme-design: Janne Robberstad

Lys-design: Torill Lund Sævland
Skodespelarar:
“Ingrid”: Ingrid Rusten
“Ragnhild”: Ragnhild Arnestad Mønness
“Øystein”: Øystein Martinsen
“Svein”: Svein Solenes
_MG_1899
Eit ektepar kjem heim frå ferie, eit vennepar har passa på huset medan dei har vore vekke. Eller har dei? Dei oppfører seg som om det er deiras heim, og kanskje er det det? For hadde dei ikkje eit anna sofabord? Og hadde dei ikkje ein katt? Og den planta har dei då aldri sett før??

_MG_1746

Karakterane i stykket endrer forhold til kvarandre kontinuerleg, men ein legg ikkje merke til det før det har gått ei stund, og det er litt forvirrande.

_MG_1747

Dette er sjølvsagt gjort med vilje av forfattaren, for å forvirre publikum. Det er ein del av tanken med temaet for forestillinga.

_MG_1901

Skuespelarane starter i vanlege klær, som vanlege folk.

_MG_1895

Svein ofte utan klær i set heile tatt, får brilliante idear i dusjen.

_MG_1762

Øystein, her som 8-åring som ikkje fekk nytt belt i judo.

Nokre spøkelse finn ein i skapa i sommarhus…

_MG_1793

Det er og eit karnival midt i stykket, med temaet Nordiske Netter.

_MG_1815

Øystein som alpinist.

_MG_1809

Ragnhild som valkyre!

_MG_1831

Svein som elg. Og Ingrid som…

_MG_1822

“Hodet mitt eksploderer i en sky av aske! Her renner det magma fra jordens indre i strie strømmer! Jeg er en vulkan! Snæfadlsjøkul på Island!”

_MG_1867

Kva skjer mellon alpinisten og elven bak sofaen?

_MG_1850

Jaja, det dempar iallefall stemninga på festen betrakteleg…

_MG_1905

Ingrid har alltid trudd at det er nokon der ute som høyrer på ho.

Nietsche kjem på besøk, scenearbeidarane byrjar nedrigg, regisøren er gått, inspisienten tar mat pause. _MG_1908

Dette er ein forestilling til ettertanke, og har du sjangs, bør du absolutt sjå det! Regisøren og skuespelarane har laga ein fantastisk forestilling! Og eg er så stolt av å vera med på å laga akkurat denne forestillingen!!

Topics: Kostymedesign | 1 Comment »

One Response to “Perpleks”

  1. Knut Hamre Says:
    May 31st, 2016 at 20:49

    Er det mulig å låne elgkostyme til en forestilling om dyrene i skogen nå i juni 2016

Comments