Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Familieliv på fyr

By spotogspindel | March 31, 2014

Familieliv-plakat

 

Då har vandreutstillinga mi endeleg premiere! Fyrst ut er Lindesnes Fyr.

AmaryllisAnna1

“Ein hund etter Amaryllus” Eg huskar mormor sine flotte amaryllusar i stovevindauge. Her er det Ella som luftar sitt vindauges stolthet medan den vesle dachsen hennar nyter sola han og.

Familieliv-på-fyr1

“Familieliv på fyr” er det einaste bilete i serien som faktisk viser eit fyr. Dette er Breistein fyr. Eg likar vinkelen til fotografen, det er som å vera liten igjen og sjå opp på eit tårn som nesten rekk heilt opp til himmelen!

Adobe Photoshop PDF

“Geite-Gudrun”. Familiane måtte vera så sjølvhjulpne som råd. Dei kunne risikera å vera isolerte på fyret i lengre periodar om gongen. Å halda geiter var eit av dyra ein hadde for å bidra til matauk. Geitene gav næringsrik mjølk, og klarar seg i skrinne omgjevnadar, klatrande over haug og hammar etter grastustar.

HAppyHippieLove2

“Ella og Normann”. Ella og Normann Vågsvold går igjen i fleire av bileta eg har jobba med til denne utstillinga. Dei jobba ved fleire fyr, men lengst ved Hatholmen på Sørlandet. Opptatt som dei har vore av formidling har dei gjeve heile familiealbummet til Kystverkmusea, der eg fekk leita i arkivet deira. Det var som å opna ei skattekiste! Utan Normann ville denne utstillinga slett ikkje blitt det den er, og eg er djupt takknemleg over å ha fått tatt del i denne viktige kulturarva, og få dikta mine eigne fargar inn i historien.

Adobe Photoshop PDF

“Solvarma svaberg” er bortimot det beste eg kan tenka meg! Og det ser ut for at eg ikkje er den einaste. Eit sjeldant foto fra ein solrik, vindstille dag. Like greit å finne fram badedrakten, ta seg eit bad og få i seg litt vitamin D!

HønsaHans2

“Hønse-Hans”. Egg var ei anna viktig næringskjelde. Nokre av fyra hadde høns, men dei kan like gjerne ha ete egg frå måsar og anna vill fugl.

KassabilKlara1

“Kassabil-Klara” Ungane var viktige bidragsytarar til å få fyr-kabelen til å gå opp. Fleire av fyra vart drivne som små familie-bedriftar. Ungane hadde sine arbeidsoppgåver, små og store. Men det var også tid for å leik og læring gjennom kjekke aktivtetar som sløyd og anna handverk. Eg veit ikkje om denne kassabilen er laga av ungane sjølv eller av far deira, men dei ser iallefall stolte ut!

KikkertKlaus1

“Eg har deg i kikkerten” Eldste son til Ella tar sin tørn i fyret. Kva han ser, kan ein berre gjetta seg til…

KrabbeKari1

“Krabbe-Klara” Mykje av maten kom frå havet naturlegvis. Krabbe var ein sesong-delikatesse.

LauraBruno1

“Laura, Bruno og verda” Lindesnes var eit stort fyr med fleire familiar, og dei hadde til og med ei ku! Jenta på bilete heitte faktisk Laura og kua heitte Bruno og gjekk sjølv opp og ned trappene til det vesle fjøset. Eg prøver å sjå for meg korleis det var å leve i ei såpass oversiktleg, lita verd som det var på Lindesnes fyr, trygt og godt, og samstundes lære om den store verda der ute, om andre kulturar, andre land, andre folkeslag. Kva fattar fantasien? På ei anna side, er det truleg mykje me ikkje heilt klarar å forestille oss om livet Laura hadde, så det er ei to-vegs-undring.

MaleMartin1

“Male Martin set farge på dagen” Ein viktig del av fyrvaktarjobben er å ta vare på bygningsmassen. Sidan været er såpass tøft, er det stor slitasje på alt byggverk. Husa måtte malast kvart år, og då var det greit å nytta høvet når det var sol og stille.

RoReidar2

“Ro-ro-ro-din-båt” Ungane måtte lære seg å ro og å svømme tidleg. Og det fyrste ein lærte var å respektera Moder Jord sine lunefulle humørsvingningar: vind og vatn! Men å læra er kjekt, spesielt når ein meistrar kunsten, og kan vera ein flytande drosje for eldre slektningar til og fra øyane!

Adobe Photoshop PDF

“Salme-søndag på sokkeleisten” Ho ville ikkje slita unødvendig på fin-skoa, så ho velger å gå på sokkeleisten til dei kjem til fastlandet og kyrkja, berre for å spara på dei. Slikt er sjeldan kost no til dags…

Adobe Photoshop PDF

“Ei sild. Og ei til.” Fisk var den viktigaste middagsmaten. Alle typar fisk. Og alle, både barn og vaksne visste korleis ein skulle fange, sløye og tilberede fisk.

Sjøutsikt1

“Svabergshorisont” å bu så nær havet, lengtar ein ikkje etter å vita og sjå kva som fins der ute, bakom horisonten? Forhåpentlegvis er dette ein lengsel i den menneskelege natur som og er symbolsk: at ein ynskjer å utvida horisonten sin, gjennom kunnskap, gjennom å bli kjent med og omfavna nye idear, gjennom å kvitta seg med fordommar… kan ein håpa.

Adobe Photoshop PDF

“Ein kjølig fyr” Dei fleste fyra ligg så nær havet at det sjeldan var mykje snø som la seg over lengre periodar. Så når snøen fyrst kom, var det om å gjera å nytta høvet! Å laga snømann er obligatorisk!

Adobe Photoshop PDF

“Måse til middag” Eg valgte dette bilete til plakaten, fordi eg syns det seier så mykje! Eg har sånn sans for måten ho berre tar med seg geværet, går ut og skyter ein skarv, går heim og lagar middag av han! Det er noko så utruleg flott med å vera så praktisk og pragmatisk og jordnær og sjølvhjulpen! Dette er ei kvinne eg ser opp til som eit forbilde! Ho er ei seig dame, ein overlever, ei som får ting gjort utan akkerderier! (Og eg vil ikkje eingong byrja å tenke på all den kunnskapen som alt er gått tapt i å vera sjølvhjulpen)

SofieStryker

“Jotakk, det går strykande” Daglege oppgåver: vaska, tørka, stryka, reparera, sy…

Svabergsfiskje1

“Svabergsfiskje” Er ikkje dette berre den heilt perfekte sommardagen?

Svartastidla1

“Svartastidla”  Svartastidla er dialekt for når havet er heilt stille utan bølger, utan dønningar, berre heilt stille. Sjeldne dagar. Perfekte for små seglbåtar og piknik på svaberget.

TrappeTrio

“Trappetrio” Dette er det eldste bilete i serien, truleg frå 1930 talet. Nokre fyrstasjonar var større enn andre, og det kunne bu fleire familiar der. Eit av dei leste eg hadde sin eigen skule, det var så mange barn der!

VaskeVigdis1

“Vaske-Vigdis” Å læra seg praktiske oppgåver starta tidleg, og alle familiemedlemmer bidrog på fleire områder.

Adobe Photoshop PDF

“Potetekakepotete” I tillegg til all sjømaten trong ein frukt og grønt i kosthaldet. Jordsmonnet var gjennomsalta av alt været, så berre hardføre planter klarte seg. Men poteter og turnips overlevde. Og det gjorde fleire krydderurter óg.

Topics: utstilling | No Comments »

Comments