Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Bømmelfjord

By Janne | December 30, 2013

Bømmelfjord er eit rederi, som nettopp har flytta inn i nye lokaler, i same bygning som Eidesvik. Dei nye kontorlokala var lyse og kvitmalte og kanskje ein tanke kjedelege. Dei spurde meg om å laga kunst til fellesromma. Kunst som reflekterte firmaet, både i fortid og notid, og kva dei jobbar med. I tillegg til å få litt farge inn i romma.

Bommeloy19-copy

“Bømmelfjord”, 150x150cm 

Historien til firmaet er ganske lik historien til eigar-familien. Og sidan eg er så heldig å kjenne dei litt personleg, vågde eg eit VELDIG fargerikt forslag. Heldigvis likte dei det! Knall rosa, solgul og mint er ikkje vanlege rederi-fargar, for å sei det sånn. 🙂

Gaapaa2

“Gå På”, 150×190 cm 

I dette bilete er det tre generasjonar samla. Der er og deira eigen båt som dei reiste på sommarferie i.

Viking-Princess2

“Viking Princess”, 150×180 cm

Og i konferanserommet ligg Viking Princess stolt og støtt i sjøen. Dette er eit av dei siste skipa i flåten til rederiet.

_MG_1407

Bileta er ikkje hengt opp enno. Det er nye møblar på veg inn, go me vil ha die på plass før me heng pop bileta, for å vera sicker på at alt er på reft plass.

conferenceroomfoil

Eg lagde og nokre foliar til dei innandørsvindaugene som skiller mellom kontora og fellesrommet. Vindauge her er ein veldig god ide, då det slepp inn mykje lys. Men det er jo fint med litt privatliv og, så for å skjerma litt, la me inn frosta folie. For konferanserommet lagde eg eit klassisk Siggjo-motiv. Siluetten av Siggjo definerer Bømlo, nesten frå alle vinklar, og passar godt til namnet Bømmelfjord.

_MG_1408

Her er folien oppe.

_MG_1410

Inn til dei andre kontora, lagde eg nokre stiliserte foliar, dekorert med firma-logoen (ein stilisert Siggjo-siluett) og tekniske teikningar av nokre av skipa deira.

BommelfolieS-K

Alle foliane går heilt til golvet, for å skjula “rot som sko, vesker, esker, kva det måtte vera… og akkurat så høge at det går an å kikke over i den eine enden.

_MG_1412

Eg kjem attende med fleire bilete når alt er komen på plass.

Topics: Biletkunst | No Comments »

Comments