Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Aker Wayfarer

By Janne | October 2, 2010

Aker Solutions store nye skip er døpt idag! “Aker Wayfere” er namnet, og jammen er ho flott!11 etasjar og med overnattingsplass til 140.

Det er mitt fyrste utsmykkingsoppdrag for Aker, og eg håpar dei er fornøgde.

Om du vil, kan eg ta deg med på ein aldri så liten omvisning ombord.

Me byrjar i messa. “Den internasjonale engelske seiljolle regattaen” er eit 6 meter langt bilete som fyller nesten heile den eine veggen og måtte monterast ombord.

På ein annan vegg finn du “Rundt Isle of Wight”. Dette bilete er malt. Akryl på tre.

Me går vidare til ein av loungane, der den engelske seil-jolla fortsatt er i fokus. Alle desse seil-jolle-bileta er malte i akryl, dei fleste på tre.

Om me går vidare, finn me biblioteket vegg-i-vegg. Her er det ein serie med bilete frå Aker sitt eige bilet-arkiv. Oppdragsgjevar ville gjerne ha litt av historien til Aker med ombord, og eg syns det var stas å jobbe med desse bileta. Ofte når ein ser gamle svart-kvite foto, ser folk så alvorlege ut, og ein føler ikkje noko slektskap med dei i det heile tatt. Eg ville difor frista å personleggjera dei gamle fotografiene, ved å tilføre litt farge, spesielt på folka. For å gjera dei til individ, meir enn berre “ein gjeng gamle folk”.

I biblioteket ser ein bilete av dåpen på Fernglen.

Runden i biblioteket sluttar med eit av mine favorittar: “Ingeniørane”! Desse karane teikna skipa og alt det intrikate utstyret ombord. Bakerst kan ein skimte sjefen inne på kontoret sitt.

Her er røyke-loungen:

Den tredje loungen er ei hyllest til “gutta på gølvet”.

Her er kapteinen´s lounge.

Folka i bakgrunnen her er eit Aker Mek. arbeidslag fra rundt hundre år sidan.

Aker Wayfarer er jo ein arbeidsbåt, så me kan ikkje berre slappe av i opphaldsromma. Så då går me vidare til konferanse-romma. Det største har kunst som er litt annleis enn resten av bileta ombord. Eg kallar det “kontainer-kunst”, og syns det kunne passa med litt sterke fargar her.

I det andre konferanse-rommet , er det eit rolegare maleri: “Segl med meg!” er 120×80 cm. Du kan sjå prosessen her og her.

Etter all den jobbinga, kan me kanskje bevege oss mot innkvarteringa. Her er kapteinen´s lugar (som lignar mest på ein suite, spør du meg!)

Her er eit bilete av Oslo, med Aker brygge og Rådhuset i bakfrunnen.

Her er Chiefen´s lugar:

Me går raskt vidare til klient-lugarane:

Me hengde og opp bilete i trappe-satsane. Her er dei:

Og dermed har vore rundt i heile båten. I allefall den delen som er utsmykka av mine bilete 🙂 Måtte ho segla med ein god vind i ryggen over alle dei sju hav!

___________________________________________________

Nok ein gong har min kjære far hjulpe meg å montera bileta, og halde meg med selskap på turen.

All gamle foto som ser ut som dei kjem frå fabrikkar, er frå Aker´s biletarkiv. Seil-jolle fotoene i regatta-bilete er brukt med lov frå UKWayfarer Assosiation. Alle andre foto er frå mitt eige arkiv.

Topics: Biletkunst | 1 Comment »

One Response to “Aker Wayfarer”

  1. spotogspindel Says:
    October 11th, 2010 at 20:09

    Verdens beste tilbakemelding fra Kapteinen ombord i Aker Wayfarer:

    Har så lyst å komme med en liten tilbakemelding til deg mtp bildene dine. Det er godt å gå rundt i båten her og være så fornøyd.
    Tilbakemeldingene har vært veldig positive fra flere, så du har grunn til å være stolt av jobben som er utført her ombord.

    Tusen takk for den flotte jobben du her gjort for at dette skal være
    en flott båt å være ombord på.

Comments