Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



Skandi Bergen 3

By Janne | October 29, 2013

Skandi Bergen er DOF sit tredje skip med dette navnet, og det tredje skipet med dette navnet eg lagar kunst til. Nedanfor ser du to bilete. Ein lang historie, men den korte versjonen er at eigarane solgte skipet før kunsten var komen ombord, og den vart overført til neste skip. Dei to bileta nedanfor var snike ombord av folk som jobba på verftet utan at eg visste det. Og når skipet fyrst har forlatt havna, er det litt vanskeleg å få ein 3 meter lang blåkval på land igjen!

IMG_1893[1]

Kvalen er tre meter lang, bilete er trykt på hard plast og skoren i fasong. Du kan lesa eit utdrag frå Kyoto-avtalen om klimapolitikk trykt på kroppen. Originalt var dette bilete tenkt for eit konferanserom, men no heng det i ein gang i nærheten av opphaldsromma.

20131028_222043

Det andre bilete vart laga for kinoen. Kapteinen ville ha eit panoramabilete av Bergen-by-night, og sidan rommet var ein kino, fekk det fasong som ein filmrull. Bilete heng no i eit konferanserom.

Eit stort og flott skip, med mange nakne veggar. Dei nye eigarane er frå Kina, og eg håpar at dei fyller veggane med kunst frå kinesiske kunstnarar. Det er ein fin tanke å dela veggplass med andre internasjonale kunstnarar 🙂

Topics: Biletkunst | No Comments »

resepsjon Matre

By Janne | September 28, 2013

Matre er eit lokalt firma som produserer utstyr til offshorenæringa. Dei runda 60 år i år, og i anledningen jubileet bestilte dei eit kunstverk til resepsjonsområdet.

_MG_1000

Laurdag morgon, og Solveig, personalsjefen og eg monterer mosaikken som skal bli eit stort bilete. Fasongen og storleiken på bitane er ein kopi av steinmuren som er utanfor bygget. Muren er laga av ein av grunnleggjarane av bedriften etter han vart pensjonist, og det var ein fin symbolikk i å bruke akkurat dette som utgangspunkt for bilete. Firmaet var lite då dei starta opp, berre to menn, men det har vakse meir og meir og er no oppe i vel 60 ansatte. Så filosofien til firmaet har vore å byggja seg større, sakte men sikkert, ved å leggja ein stein oppå den neste, så å seia. Som var tanken bak steinmurs mosaikk-bilete.

_MG_0992

Bedriften spesiallagar utstyr i ulike typar metal. Så nokre av mosaikk-bitane er laga i desse metalla, skorne til i rett fasong. Dei fleste bitane er bilete trykt på børsta aluminium, og kjem ca 1 cm ut frå veggen. Medan dei andre metal-bitane kjem ca 1 1/2 cm ut frå veggen. Dei er laga i bronse, aluminium, stål og titanium. Det gjev bilete ekstra tekstur og djubde.

_MG_0998

Her er bilete ferdig på veggen. Storleiken er ca 100x150cm. Alle motiva er knytta opp til firmaet. Folk som har jobba eller jobbar der, gamle tekniske teikningar og skisser. Det fortel mykje om firmaet sin historie og arbeidsområde.

_MG_0995

Forhåpentlegvis vil alle som arbeider på Matre setja pris på kunsten 🙂 Gratulerar med jubileet!

Topics: Biletkunst | No Comments »

Skandi Iceman

By Janne | September 22, 2013

Gratulera til DOF! Skandi Iceman er det siste skipet i flåten, og eit vakkert skip er det! Nok ein gong har eg hatt æra av å utsmykke skipet. Og eg håpar både rederiet og ikkje minst dei som arbeider ombord blir fornøgd og kjenner seg som heime ombord. Vil du bli med på ei lita omvisning?

Me startar i messa. Eit relativt stort rom, litt mørkt med små vindauge, så eg bestemte meg for å laga eit bilete som lyser opp i rommet. Bokstaveleg tala! Det er ein fotocollage, trykt på eit spesialtekstil som blir montert på ein lysboks.Så på dagtid ser det ut som eit bilete, og på nattestid, når ein slår av taklysa, blir bilete til ein lampe.

fjellonfire

“Fjell i brann”, 75×150 cm

_MG_0840

Her ser du det på plass.

snow1.lys

“Skispor”, 100×200 cm

Dette bilete er  laga på same viset, og heng i konferansrommet. Diverre har eg ikkje sett det oppmontert og ferdigkopla med straum. Eg trong hjelp av elektrikar til det, og han jobba nattskift denne siste veka. Men over ser du som sagt originalen iallefall.

Is og snø, er emnet rederiet ville eg skulle inspirerest av, skipet heiter tross alt Iceman og er utrusta for å arbeide i arktiske strøk. Så vinter og snø går igjen i bileta. Men på nokre av dei ville eg ha ein vri, og valgte å sjå på arktisk dyreliv.

Med dette i bakhovudet går me vidare til opphaldsromma eller stovene. Den fyrste av dei ligg rett ved messa. Her er det to freestyle maskinbroderte dyreportrett.

_MG_0862

“Isbjørn”, ca 60×70 cm

Isbjørnen er i allslags nyansar av kvitt, via gult til blått og litt grått. Eg trur til og med det er litt rosa inni der. Sjølve bjørnen er ca 30×35 cm, og det tok to samfulle dagar å sy han. Han er montert på ein malt baakgrunn, dekka med rispapir. Passepartou og glas og ramme og han er klar for sin første tur nordover.

_MG_0860

“Isbjørn”, utsnitt

_MG_0855

“Pingvin”, ca 50×60 cm

Pingvinen er og maskinbrodert, montert på same vis som isbjørnen.

_MG_0856

På grunn av fasongen er han litt mindre enn isbjørnen. Over kan du sjå detaljane i stinga.

_MG_0847

To lyse bilete til eit mørkt rom. Heldigvis har dei satt opp ekstra lys i taket, spottar som gjorde underverk både for rommet og kunsten.

_MG_0851

Same rom, men to andre bilete.

GLACIER

“Glacier (isbre)”, 60×80 cm

Dette bilete er basert på ein tur eg hadde til Jostedalsbreen i sommar. Eg har jobba mykje med fargane for å få det til å sjå ut som eit 60-tals souvenir postkort. Bilete er trykt på akryl, og montert på veggen med spesialoppheng, som gjer at det kjem 2-3 cm ut fra veggen.

SoriaMoria.copy

“Soria Moria”, ca 50×100 cm

Eg likar det litt utradisjonelle uttrykket.  Eit meir tradisjonelt uttrykk til meg å vera er bilete  over. Motivet er frå Sogn, bilete er trykt på lerret og ramma inn i ein enkel, svart treramme. Eit friskt vintermotiv i delikate fagar.

_MG_0864

Og slik ser det ut i rommet. (Det er fortsatt ei veke til dåp når eg var ombord, så ikkje alt er ferdig utpassa og plassert der det skal vera av møblement)

Me forflyttar oss til røykerommet. Og her er me attende til arktisk dyreliv igjen.

moskus

“Moskusokse”, 60×80 cm

Polarrev

“Polarrev” 60×80 cm

Begge bileta er trykt på akryl-plater. Dei kjem og ein 2-3 cm ut frå veggen. Og sjølv om det kanskje ikkje visar så veldig godt på fotoet nedanfor, friska dei veldig opp i rommet med sitt luftige uttrykk.

_MG_0843

Eita anna bilete frå rommet. Alle tre frå tidlegare nevnte isbretur. Det eg likar godt med dette bilete er at det er fullstendig naturalistisk og SAMTIDIG fullstendig abstrakt.

Isbredd!

“Ice, ice baby” 60×80 cm

Dette er og trykt på akryl. (Lett å halda reint)

_MG_0844

Det ser litt einsamt ut medan det ventar på møblane som skal komma…

_MG_0846

Både små og store båtar kan ofte bli litt trange og mørke. Arkitektane har gjort ein god jobb for å motverke dette ved å setja inn vindauge mellom nokre av romma. Det hjelper godt, og gir ekstra lys. Ein knakande god ide!

No går me opp tre etasjar til D-dekket. Her ventar nok ei stove.  Her er emnet vinteraktivitetar.

fjellvettreglene

“Isbrvandring”, ca 60×100 cm

Skitour

“Alle nordmenn er født med ski på beina”, ca 60×90 cm

icefishing

“Isfiske”, ca 60×80 cm 

Og i rommet ser det slik ut (ja, det manglar nokre gardiner her)

_MG_0837

Er ikkje dette kvite skinnmøblementet lekkert?!

_MG_0831

I det same rommet har eg eit stort veggtekstil.

_MG_0834

“Den store emmigrasjonen”, silke/lin, ca 100×150 cm

Laga av tre lag stoff: det innerste kvit lin, så turkis siljechiffon, og til slutt kvit silkechiffon. Dei heng saman med sølvtråd, fritt brodert i isbjørn-fasong.

_MG_0827

Til slutt eit lite silketrykk. Originalen er eit motiv av nakne svaberg. Men når det vert trykt i perlemorsskimrande kvitt og lysseblått, vart det plutseleg eit vinterlandskap. Ein draum for alle med hytte i fjellet i påsken…

_MG_0835

“Vinterdraum”, ca 30×40 cm

Til slutt har me to lugarar. Fyrst ut er Kapteinen:

snow1.35x70cm

“Snø”, 35×70 cm

pyramidefjell

“Pyramidefjell i Sogn”, 50×40 cm

wintercoat

“Med vinterkåpa på”, 40×50 cm

_MG_0815

Slik ser det ut i rommet:

_MG_0814

Og sist, men ikkje minst: chiefen!

solitare40x50

“Einsemd”, 40×50 cm

FJORD1.40x50cm

“Fjord”, 40×50 cm

skispor

“Skispor”, 40×50 cm

Og i rommet:

_MG_0820

Dette skipet er heilt fantastisk flott. Fullsertifisert for mange operasjonar, er det verkeleg eit “multi-purpose-skip”.

_MG_0817

All mogleg lykke til til sjøfolka ombord, måtte vinden vera i ryggen dåkas når de seglar dei sju hava!

Topics: Biletkunst | No Comments »

Lindesnes fyr utstilling

By Janne | July 26, 2013

Sommaren 2013 har eg ein solo-utstilling ved Lindesnes fyr. Om du er i nærleiken, er du hjarteleg velkommen innom på besøk! Lindesnes er ein sjaldant nydeleg stad, der ein verkeleg kjenner roen senkar seg i sjela ute på svabergs. Iallefall i fint ver 😉 Men det er fasinerande flott når det er storm og! Uansett. Om du ikkje har mulighet til å stikka innom Lindesnes før den 13. oktober, her er ein liten virtuell tur:

Sjølve utstillinga er i fjellhallen. Deler av museet er skoren ut inn i fjellet, derav namnet. I dette rommet er likevel veggane i lys betong. Fyrst, eit overblikk over veggane:

_MG_0181

Du kjenner kanskje att nokre av bileta frå Mostraspelsutstilliga, men omlag halvparten av bileta er nylaga, spesielt til Lindesnes-utstillinga.

_MG_0180

Denne veggen er ein liten forsmak på neste sommars utstilling eg skal ha her. Ei stor tema-utstilling, som eg fortel litt meir om lenger ned på sida.

_MG_0182

Eg var litt redd for at det ikkje var nok bilete, men sanneleg fylte me veggane! 🙂

_MG_0183

På den siste veggen er ein liten kavalkade over fyrtårn.

_MG_0176

Rett utanfor utstillingsrommet, hang eg endå nokre bilete, for å visa vegen inn. Bilete over er frå mitt lokal-fyr: Slåtterøy, Bømlo.

_MG_0178

Som eg nemnde, neste sommar skal eg ha ei tematisk utstilling her på Lindesnes, inspirert av kvinner og barn: Familieliv på fyr. Eg har alt byrja å arbeide med denne, og nokre av bileta var med no i sommar, som ein liten forsmak på 2014.

Mange fyrvoktarar hadde familiane med seg. O eg har jobba visuelt med tankar om korleis livet arta seg for desse kvinnene og borna som i lange periodar levde såpass isolert ute på fyra.

Måkeiviltsaus

“Måse i viltsaus”, 40×50 cm

Eg trur dei må ha vore sterke karakterar, både sjølv-hjupne og kreative. Bileta nedanfor er av ei kone på veg heim etter å ha fanga dagens middag! Dette bilete syns eg faktisk seier meir enn 1000 ord! 🙂

Sofie

“Måse til middags”, 60×80 cm

Dei fleste dagane var vanlege arbeidsdagar. Men det var jo søndagar og, då ein reiste til fastlandet og gjekk i kyrkja.

SalmeSøndagpåSokkeleisten

“Salmesøndag på sokkeleisten”, 60×80 cm

Eg nemnde å vera sjølvhjulpen. Dei fleste fyra hadde eigne kjøkkenhagar, med poteter, grønsaker, litt bær og frukt.

Vigdis-kopi

“Kjøkkenhage kuriosa”, 60×80 cm 

Og ungane! Korleis var dagane deira? Dei hadde heime-skule, få leikekameratar utanom ssken, mange oppgåver.

Laura,-Bruno-og-verda

“Laura, Bruno og verda”, 60×80 cm

Bilete over er av Laura som budde på Lindesnes på 1920-talet. Her tar ho kua Bruno ut for å beite.

dørklinke2

“Den løyndomsfulle hagen”, 40×40 cm

Eg har og laga ein liten serie med bilete av fyr eg har besøkt dei siste åra:

AkkoLightTower

“Høgvatn i Haifa, Israel”, 40×50 cm

HaaLightTower

“Hippie-tilstandar på Obrestad”, 40×50 cm

LindesnesLightTower

“Landemerke Lindesnes”, 40×50 cm

ListaLightTower

“Lågvatn ved Lista”, 40×50 cm

SlatteroyLightTower

“Slåtterøy fyr”, 40×50 cm

Eg har og laga fleire kyst-romantiske bilete heilt utan fyrtårn:

koauge1

“Eg ser deg gjennom ko-auga mitt”, 40×50 cm

Lindesnes1

“Olaus på vakt”, 40×60 cm

Nei vent, her er eit fyr-bilete til! Dette er Olaus Blekum, som var fyrvoktar på slutten av 1800-talet. Eg tok han ut av fotografen sitt studio, og plasserte han der han høyrer heime: på fyret! (Fasinerande bart, ikkje sant?!)

Skude-sekstant50x40cm

“Sekstanten”, 40×50 cm

Alvsvåg1

“Våt på beina, tørr i håret”, 40×50 cm

Alvsvaag2

“Sveve over vatnet”, 40×50 cm

Hiskjo

“Havets hage, avd. tang og tare”, 40×50 cm

Ulstein

“Om eg var ein rik mann”, 40×50 cm

_MG_0187

Eg hadde nokre få bilete i fyrets suvenir-butikk, nokre foto-collage på lerret og nokre oksydert kopar.

_MG_0041

Og ein heil stabel med handlenett! Framsida er frå bilete Måse til middags, og baksida har teksten

You need a strong heart to endure great risk and great love

Tusen takk for besøket! 😀

Topics: utstilling | 1 Comment »

Far, far away

By Janne | June 25, 2013

“Far, far away” er namnet på Kristine Nilsen Omas nye dans/teater/performance forestilling. Det er ein personleg historie om korleis det er å veksa opp med ein narkoman far.

_MG_9279

Historien hennar er så viktig, og bør sjåast av lærarar, sosialarbeidarar, politi, fengselsvesen… alle som arbeider med folk, egentleg. Dette er 50 minuttar fylt av sorg og glede, av fortviling og håp, mykje håp.

_MG_9282

Ho har med seg Øyvind Hegg Lunde, ein fantastisk percusjonist! Hans musikalitet gjev ekstra djubde til opplevinga. Om det nokon gong var eit einmannsorkester… her er han!

_MG_9288

Eg er så glad for å vera på laget til Kristine som scenograf! (kostyme og kulisser) Denne oppgåva er sjeldan. Vanlegvis har eit svartmalt rom med ei scene. Denne gongen, er det eit stort kvitmalt rom. Publikum er i eit hjørne, og resten av rommet blir brukt som scene. Ei kjekk utfordring! Eg laga fire store, pixelerte close-up bilete av Kristine sine auge og monterte forran vindaugene. I skråtaket over dei har eg malt rett på veggen med raud maling, fakta om narkotika og overdosar i Bergen. Rommet er vanlegvis ein dansesal, så to av veggane er dekka av speil; dei lot me vera som dei var, men fjerna bommane. På golvet er eit stort, raudt teppe, klypt i fasong. Mot slutten av forestillinga tar Kristine deler av teppet med seg og bruker det til å laga seg eit nytt “rom” , flytta eitt bilde og opna eit vindauge for å sleppa inn frisk luft. _MG_9289

(Alle bileta er tatt under prøving, så lyset var litt annleis under forestillinga)

faraway-plakat

Topics: Kostymedesign, scenografi | No Comments »

H E I M

By Janne | May 25, 2013

I dag opna eg Mostraspelutstillinga mi som eg har jobba med gjeonnom vinteren. Det er ekstra stas å få vera Mostraspelutstillar akkurat i år, då det er 50 års jubileum for Bømlo kommune. Ustillinga og bileta her er på mange måtar ein hyldest til Bømlo, øya der eg har vakse opp. Her er røtene mine, her er horisonten min. Nedanfor er bilete frå utstillinga, fyrst nokre i utstillingslokala, sidan meir detalj-bilete i reinare fargar.

Nedanfor er det eg syns er hovudbilete i utstillinga, frå Slåtterøy fyr. Norges største fyr, med nord-Europas kraftigaste lys.

_MG_6819

Desverre har eg ingen foto frå sjølve opninga, me tusen takk til Amalie Nilsen for vakre ord, og Trio Vest for vakre tonar!

_MG_6840

Hovudlokalet i Moster amfi er steinsalen, der to av veggane er rett og slett skorne ut av fjellet. Å henga bileta sine i wire, slik at dei ser ut til å flyte i lause lufta forran ein rå steinbakgrunn, er ein drøymeplass å stilla ut bileta mine.

_MG_6816

Mesteparten av bileta er laga spesielt til denne utstillnga, med motiv fra Bømlo. I tillegg er det nokre litt mindre stad-spesifikke bileta av gamle båtar. Eg er litt svak for dei…

_MG_6818

Medan eg vart intervjua av ein journalist i forkant av utstillinga, fant eg brått ut kva “bås” eg kan plasserast i: eg er ein kyst-romantikar!

_MG_6820

Kystkultur vart ofte assosiert med gamle båtar, men det er så mykje meir! Det er vår kvardag, her og no, det er det me er opptekne av. Det er ikkje berre gamle robåtar, det er supply-skip! Det er ikkje berre teiner og garn, det er lakseoppdrett. Det er ikkje berre fortid, det er notid!

_MG_6821

Men når det er sagt, så er eg veldig glad i gamle båtar. Bulkete, oppskrapa, rusta båtar. Båtar som har vore ute ei vinternatt, som har ein historie å fortelja. Ein historie eg gjerne vil vidareformidla. Visuelt.

_MG_6822

Det same gjeld landskap. Alle desse bølgene, som år etter år etter århundre etter århundre, har vaska svaberga reine. Så reine at det berre er den salte sanninga som står att. Det er eit spesielt lys, ei sterk lengsle, ei frisk lukt av salt. Det må opplevast, det er vanskeleg å setja presise ord på det.

_MG_6813

Men attende til utstillinga. To nye rekkjer med bilete. Bileta over er laga i foto-collage. Ein blanding av akrylmaling, fotografi, lag på lag med ulike element som er blanda saman digitalt. Nedanfor er collagar av papir og oksydert, vevd metal.

_MG_6827

Alt i alt er det 48 bilete på utstilllinga.

_MG_6833

“Make waves” eller lag bølger. Eg syns det kan vera eit godt motto.

_MG_6835

Det einaste bilete direkte knytt til Mostraspelet er ein ung viking som får sitt fyrste sverd.

_MG_6836

Det tredje rommet i lokalet er kafeen. Varmen i panelet passar godt til varmen i bileta mine.

_MG_6839

Eit vintermotiv. “Vente på vinter, vente på vår”

_MG_6830

To av bileta er malt med akryl på tre.

_MG_6826

Ikkje alle har så mykje veggplass, så eg har laga ein heil haug med puter, alle ulike, med silktrykkmotiv frå svaberga på Slåtterøy.

_MG_6810

Nedanfor er meir detaljerte foto av bileta mine, utan innblanding av kunstig lys. Det står både navn og storleik under kvart av dei. Nokre av dei som kan verka veldigsmå her, er ganske store i det verkeleg liv, medan andre er det motsatt med.

Slaatteroyfyr

“Finaste plassen på jord… på ein god dag”, 50x150cm

tower

“Heilt på sjeivo”, 40×50 cm

Langevåg50x70

“Grønstein”, 40×60 cm

Løklingskip40x60

“Kven kan ro utan årer”, 40×60 cm

naust35x80

“Til og med sjøhus kan leka gjøyma-og-telja”, 35×80 cm

Røyksund40x60

“Røyksundkanalen”, 40×60 cm

Brandasund60x90

“Barndoms sommar hadde varme hesjer” , 60×80 cm

hummerparken30x60

“Hummarparken”, 35×70 cm

SiggjoGAZ50x100

“Eg syns iallefall at Siggjo har vore ein vulkan!”, 50×100 cm

sjergard50x70

“..  drøyma seg til sjøs”, 40×60 cm

obligation

“Obligation”, 40×60 cm

Torolf60x80

“Litle Torolf får sitt fyrste sverd”. 60×80 cm

Wichmannkara70x100

“Wichmannkarane / skikkelege mannfolk”, 70×100 cm

algea

“Så fint algene blømer!”, 40×50 cm

naustdoor

“Naustdør gone wild/ if these walls could talk”, 40×50 cm

pink

“Gamle trebåtar gløymer ikkje sin barndoms skjergard”, 60×80 cm

redtower

“Slåtterøy turkis/rød”, 23×28 cm

seascape

“Småbølgene vassar heim til kvelds”, 40×50 cm

Tjong2

“Tjong å der”, 30×40 cm

Trettholmen1

“På ein god dag kan du sjå heilt til Island”, 40×50 cm

vaage

“Våge”, 30×40 cm

baug

“Nokre gongar om sommaren kan du til og med bada i sjøen”, 40x60cm

holme35x75

“Midt mellom ein lengsel/ å lengta ut og å lengta heim”, 30×70 cm

seahouse

“Raudt sjøhus, 50×60 cm

svaberg

“Denbeste sommaren har varme svaberg”, 40×50 cm

Alle bileta er for salg, så om du har spørsmål, kan du kontakta enten meg eller Moster amfi.

 

Topics: Biletkunst | No Comments »

Mostraspelutstilling

By Janne | April 17, 2013

Gjett kven som er stolt av å få vera Mostraspelutstillar i år?!?!

I år feriar Bømlo kommune 50årsjubileum, så det er ekstra stas å få stilla ut akkurat i år. No er det snart berre ein månad til at skal vera klart og på plass 🙂

Topics: Biletkunst, grafikk | No Comments »

Kim Leker

By Janne | April 10, 2013

Kim Leker heiter Haugesund Teater si ungdomssatsing i vår. Det er eit DUS-prosjekt (Den Unge Scene) med nyskriven dramtikk. Elisabeth H. Aars hadde regien. Underteikna hadde kostymer og scenografi. Her er heile gjengen:

Fleire bilete, av skodespelarane og fra showet:

Oda og Eline spelar Mini og Monty.

Marie som Gerd, har eit tydeleg komisk talent! 🙂

Trygve spelar Kim, og han har både vare  og fine øyeblikk innimellom humoren.

Monty mediterar på den store sandkassen me fekk låna av Veivesenet.

Eit til bilde av Kim, der han leikar med eit stort hjul.

Lipgloss-mafiaen: Alexandra, Maiken og Arja.

To flotte karakterar: den vakre Helene (spela av Ine) som er sammen med Becky (spela av Lisbeth) for å komma nær ste-bror hennar. Becky vil helst ha han for seg sjølv. Og det vil alle jentene i lipgloss-mafiaen og…

Bilete over og dei neste er tatt av Greethe Nygaard for Haugesund Teater.

Kulissene, nesten alle på plass.

Veggane er 1×2 meter, dei svinger på eit skjult metallrøyr. På den eine sida har eg brukt gamle bølgeblikk plater, som skulle kastast likevel. På den andre sidahar eg spent opp tre abstrakte bilete  trykt på tekstiltapet. Dei to resterande har kvit bakside, som manuset forlangar at skal vera der 😉

Sandkassen fekk eg låna av Veivesenet. Det store hjulet fekk eg og gratis fra ein bensinstasjon. Benken er i blåtonar, samme prinsipp som veggane, trykt på tekstiltapet. Barnevognene fekk me og billeg: Ein lånt og ei fått! 🙂 Folk er så hjelpsomme!

Nedanfor er bilete av modellen:

Me har snudd litt om på elementa for å få betre flyt i regien.

Alle kostymene er enten nyinnkjøpt, frå lageret eller privat.

Topics: Kostymedesign, scenografi | No Comments »

Orgelfall CD omslag

By Janne | March 10, 2013

Orgelfall sin fyrste CD er slept! Fire flinke karar har spela inn fire av sine sjølvskrivne favorittar.

Det som er ekstra kjekt er at dei spurde meg om å laga grafisk layout til CDen deiras. Me hadde eit fotoshoot i februar, og no er han her!

Om du vil høyra musikken deiras, fins han på iTunes. 😀

Topics: grafikk | No Comments »

Finnaas Kraftlag

By Janne | January 17, 2013

Eg laga årets kundekalender for Finnås Kraftlag. I den samanheng ville gjerne Kraftlaget ha nokre av bileta på veggane i eit av møteromma sine. Her er dei fire bileta dei valgte.

Det fyrste er av Siggjo, det vulkan-forma fjellet som kan sjåast frå heile Bømlo. Alle bileta er 50 x 70 cm.

Så kjem den lilla ferja.

Trettholmen. Ei av øyane nord-vest i havet, og eit av mine favorittmotiv.

Alle bileta er trykt på børsta aliminium. Det bilete som ser mest ulikt ut fra papir til metal er Sommar-draum-bilete.  Alle kvite felt i trykket blir derfor reint metall, og ser ut som sølv. Originalen over, aluminium nedanfor.

Eit lite utsnitt for å vise overflata. Bileta ser veldig flotte ut i godt lys, men bli litt mørke dersom dei ikkje er lyssatt. Fordelar og ulemper…

Og slik ser dei ut på veggane:

Topics: Biletkunst | No Comments »

« Previous Entries Next Entries »