Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Musikalske Høgdepunkt

By Janne | August 5, 2011

Bømlo Musikallaug, no Bømlo Teater, feirar 10-års jubileet sitt ved å setja opp Musikalske Høgdepunkt frå dei fire store musikalane me tidlegar har satt opp. Alt foregår i Moster Amfi, nord-Europas største utandørs-amfi. På Bømlo, sjølvsagt 🙂

På grunn av rettighetar og andre reglar og lover hadde me ikkje lov å bruke kostymene frå tidlegare oppsetningar i denne highlights-versjonen. Men folk må jo ha klær på seg… så denne gongen var jobben min å a) få dei til å sjå fine ut og b)få dei til å sjå ut som del av ein heilhet og c) gi eit hint av den originale musikal-oppsetninga.

Fyrst ut var Jesus Christ Superstar, satt opp i 1999 og 2001. Dette var den aller første forestillinga eg lagde kostymer til, og sanneleg var lærings-kurva bratt!

Heine Totland spelar Jesus. Eit 40 manns stort ensemble spør han “Kva skjer no, sei meg kva er det som hender her?”

Rein Alexander spelar Kaifas, som er direkte irritert på at folket hyller Jesus.

Og her er Espen Hana som kong Herodes, med sitt charleston-dansande hoff. Dei kvite kjolane vart brukt i 2001.

Ikkje mindre enn fire Maria-er i highlights-versjonen, tre av dei i kjolar eg designa/sydde.

Tonje Bakken i ein asymmetrisk, rosa-gul viskose-bomulls kjole.

Elisabeth Moberg i den skråklypte taft-kjolen sin.

Og til slutt Britt Synnøve Johansen i sin draperte kjole.

Og heilt til slutt, Sigurd Sele, som spelar Judas. Denne fyren gir ALT på scena, og treng strengt tatt ikkje mikrofon i det heile tatt, han har lunger som ein elefant 🙂

“Jesus Christ Superstar, er du verkeleg den du seier du er?”

Neste musikal er Miss Saigon. Norgespremieren var på Moster i 2009, regisert av Lisa Kent, som og hadde regien for Highlights.

Kjærleikshistorien mellom amerikanske Chris og vietnamesiske Kim, spela av Mareike Wang og Rune Svendsen.

Rein leiar soldatane i eit mannskor av dei sjeldne. Dei syng “Bui Doi” (Livets støv), som handlar om dei uønska barna av blanda rase mellom amerikanske soldatar og vietnamesiske kvinner, som bur på barneheimar i Vietnam.

Mannskor er vakkert!

Og så har me den Amerikanske Draumen! To “ingeniørar” for anledningen, Helge Jordal og Sigurd Sele.

Denne Ginger Rodgers kjolen var nylaga for anledningen. Eg lagde mønster og gjorde han ferdig etter at skredder Elisabeth fekk unna mesteparten av saumen.

EWg laga og ein ny Frihetsgudinne-kjole til Britt Synnøve. Dette er ikkje den beste kamera-vinkelen for det draperte flagget, men kva kan ein gjera …

Ein annan kjole eg laga var til Marilyn Monroe, alias Elisabeth.

Etter pausen var det Chess som stod for tur! Skriven av Benny Anderson og Bjørn Ulvæus og Tim Rice. Norgespremiere i Moster Amfi i 2006, regi av Birgit Amalie Nielsen.

Mine original-kostymer til Chess var kremfarga i første halvdel av showet, og i sterke, varme fargar i andre halvdel. I highlights-versjonen, var dei stilige og formelle i svart og kvitt.

Den musikalske leiaren, Bjørn Skagestad, freistar å dirigere både koret i Merano, Helge på stor-tromme, Sigurd på triangel og Espen på symbalar…

Reins versjon  av “Anthem” hausta massiv applaus.

Vesle Britt Synnøve med den store, store stemma!

“For eg er dommaren, eg kan mitt fag!”

Heines “Vern om det barn” er så gripande at det gjer vondt.

Vakre Susanne dansar som ein draum.

Sigurd og Elisabeth i ei stillferdig stund.

For så å avslutte med eit smell. “Ei natt i Bangkok”, og Øystein Kausrud imponerer som flamme-slukande tempeldansar.

Og endeleg: Les Miserables!

Lekre jenter!

Elisabeth som Fantine.

Tonje som Eponine.

Og kva er vel Les Miserables utan Konge på ei kro!?!

TO kongar på ei kro, faktisk!

Og sjølvsagt: frua sjølv 🙂

Rein som Valjean syng “Bring han heim” (Å, dette er ein definitiv favoritt hos meg)

Sigrud, som Enjolras, leiar folket i song:

“Kan du høyra folket syng?

Det er ein song for arge menn

Det er musikk frå dei som aldri vil ha slave-kår igjen”

Topics: Kostymedesign | No Comments »

Comments