Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

6A ombord

By Janne | February 18, 2009

 

Her er ein liten artikkel eg skreiv for lokalavisa etter at ein skuleklasse var på synfaring på den nye Eidesvikbåten dei skal vera med å lage utsmykking til.

Here is an article I wrote for the local newspaper, regarding a 6th grade who will be making artwork for one of Eidesviks ship. Yesterday they went “sightseeing” onboard, and the shipowner asked me to do this story. I haven´t translated it to english, but you can still enjoy the pictures.

___________________________________________________________

Klasse 6A ved Svortland skule kjem til Westcon og Ølensvåg ein nysnødd ettermiddag. Dei er her på syningsferd. Dei skal sjølv sjå båten dei skal vera med å utsmykka. Dei har sett teikningar og bilete frå søster-skipet, Vikning Queen. Men det er noko heilt anna å sjå båten på skikkeleg! Me får utlevert kvar vår hjelm, kvar våre øyreproppar, bollar og ei brus, blir presentert for chiefen og elektrikaren og kapteinen og sitemanageren og endå ein kaptein. 


captain

Bortover kaien, opp landgangen, over det nymalte dekksgolvet, deler me oss i to grupper. Me klatrar opp fleire trapper, oppover og oppover til me kjem heilt opp til styrehuset.
Det liknar ikkje så mykje på eit styrhus enno, her er kablar og ledningar og hol i golv og tak og plastinnpakka esker i stablar. Men utsikten er fin. Her er det vindauge rundt heile vegen, frå golv til tak. 

ein-brc3b8kdel-av-alvorleg-mange-kilometer-ledning-ombord2


Det er mykje som gjenstår før båten er ferdig. Og det er berre halvanna månad til dåpen. 
-Jammen vert det mykje å gjera. Både for dei ombord, og for klassen. Dei skal vera med og laga bilete som skal liva opp ombord, saman med 2. klasse ved Hillestveit skule og tre vaksne kunstnarar. Dei har alt jobba med bileta sine i fleire månader. Dei har gått på malekurs og lært seg å mala med akryl, dei har skissa og malt og planlagt og malt litt til. No er det detaljane og finpussen som står att. 

Det er ikkje ratt her, sånn som på gamle båtar. Farten styrest med noko som ser ut som volumknappen på eit stereo-anlegg. Og om ein skal framover, bakover eller til sida, styrer ein det med ein joy-stick. 
 – Det er ein fordel å vera flink i Playstation, når ein skal styra båten, slår kapteinen fast. 
Det er han som viser oss rundt. 
– Og så har me ein sånn ting som gjer at båten kan stå nesten heilt i ro, sjølv om han ligg i opent hav. Då trykker me på ein knapp og så jobbar propellane av seg sjølv, og held båten akkurat der han skal vera. 

jentene-ombord


Ned ein etasje er lugarane. Kapteinen sin lugar er den største. Og det er akkurat plass til alle jentene i 6A i hjørnesofaen. Jentene syns igrunnen det er ganske fint ombord. Litt som på eit hotell. Dei kunne igrunnen tenkt seg ein slik «hybel. Men ein etasje ned, etter å ha inspisert messa og byssa, fortel kapteinen at det kan bli bølger opp mot 20 meter når det stormar som verst. Og då er igrunnen jentene litt usikre på om dei vil til sjøs likevel. 
– Eg hadde blitt så sjøsjuke! seier ei av dei. 

1kaptein-og-8-kunstnarspirer


– Oj! Her er ei kose-stova! Einaste som manglar her er ein tv! 
Inne i den eine loungen er alt skinnsofaene på plass. Med beskyttande plasttrekket over. 
– Tven kjem her, seier kapteinen. Ein 30 tommers flatskjerm. 
Jentene syns det blir bra. Men det ser litt tomt ut på veggane her. Kanskje er det her kunsten deiras skal opp?

her-kan-kunsten-henga


Endå ein etasje ned, og ein til. Her er sjukehuset ombord, fortel kapteinen. Dersom nokon blir skikkeleg sjuke får me hjelp fra plattformen me jobbar i nærleiken av. Men i heile fjor var det ikkje ein einaste skade i heile rederiet. Heldigvis. 

Me går gjennom eit rom med masse skjermar og ned ei trapp og ei til. No er me komen ned i maskinrommet. Rett innanfor døra er det ei heil rad med sirene-lampar i ulike fargar
– Oj! Kva er det til? Det ser ut som eit diskotek. Her kan dei ha fest! utbryter ei av jentene. 
Site-manageren fortel at raudt lys står for brann, kvitt er truleg telefon, den gule er visst berre for generelt alarm, og den blå og den grøne betyr nok noko dei og. Det er så mykje bråk her nede når motorane er i gong, at den enklaste måten å varsla dei som jobbar her er via lys, og ikkje lyd. 

site-manager-i-maskinromsdiskoteket1

Me går vidare innover, og kapteinen seier at dette er den motoren som driv oss framover. Men ei av jentene syns den liknar meir på ein vaskemaskin. Stor og blå og firkanta. Ingen hjul eller drivakslingar eller veiver eller noko. Berre ein stor blå boks. Og ein til i neste rom. Tilsaman er det fire motorar, ein til kvar retning, kanskje?

Me går opp igjen og havnar på dekk. Då spør ei av jentene.
– Kvar er eigentleg brensel-cellene? Skulle ikkje dei vera her?
– Joda, seier kapteinen, akkurat her skal dei stå. Dei er berre ikkje komen enno. Det er brenselcellene som gjer denne båten ekstra spesiell.  Dei gjer båten miljøvennleg, både i form av utslepp og støy og drivstoff.

Meir rekk han ikkje sei, for no ringer ein telefon. Det er gutane. Gruppa deiras er ferdig for lengst, og no er dei lei av å stå og fryse og vente på jentene. 

Topics: Diverse | No Comments »

Comments